– Det er alltid noko heilt eige med skulestarten, og me gler oss!

Torsdag 20. august ringer skuleklokka inn eit nytt skuleår i Vindafjord. På skulane rundt om i kommunen er dei siste førebuingane no i full gang.

På Vikedal skule har dei i løpet av planleggingsdagane jobba med førebuingar for å leggja best mogleg til rette for elevane frå første skuledag. 

Rektor Merete Djuve fortel om dagar med både praktiske oppgåver og faglege samtalar.

– Me brukar desse dagane til å førebu skulestarten godt, gå gjennom rutinar og samla oss om det som er viktig for skuleåret som ligg framfor oss. Både elevar og føresette skal bli møtte på ein trygg og god måte, seier ho.

Spente på å ta imot elevane

Det er alltid spennande å ta i mot både nye og gamle elevar.

– Me har nokre herlege førsteklassingar som er klare for skulen. Dei er spente og motiverte, og det same er me. Det er alltid noko heilt eige med skulestarten, og me gler oss til å møta både elevane og foreldra deira. Ein god overgang frå barnehage til skule betyr mykje, seier Djuve.

Collage Vikedal skule - Klikk for stort bileteFørebuingane til skulestart har vore i full gang ved Vikedal skule Vikedal skule

Oppgraderte omgjevnader til nytt skuleår

Gjennom sommaren er det også gjort fleire oppgraderingar på skulen, både ute og inne. Eit oppussa undervisningsrom på loftet står no klart til bruk. I år er det femte klasse som får gleda av å flytte inn, og det er stor stas.

– Det er kjekt å kunna starta opp i fine og oppgraderte omgjevnader. Mange har lagt ned ein stor innsats for å få alt klart til skulestart, og det set me stor pris på, seier ho.

Kreativitet som skaper trivsel

Kreativitet og skaparglede har også fått plass. I arbeidslivsfag har elevar vore med på å pussa opp ein hems inne på skulen, der det no er blitt ein triveleg lounge med pallesofa og eigensydde puter.

– Me har mange kreative og flinke elevar, og det er kjekt å sjå korleis dei er med og skaper gode miljø på skulen, seier rektoren.

Satsar på godt læringsmiljø

I året som kjem vil Vikedal skule ha særleg merksemd på læringsmiljøet.

– Me ønskjer å arbeida vidare med trivsel, sosial utvikling og fagleg meistring. Det handlar om å leggja til rette for at alle skal få kjenna på å lukkast og høyra til, både i undervisninga og i fellesskapet på skulen, seier Djuve.

Ho løftar også fram samarbeidet mellom skule og heim som ein viktig styrke.

– Me har eit godt samarbeid med føresette, og det betyr mykje. Saman med engasjerte tilsette og flotte elevar gir det eit godt utgangspunkt for eit nytt skuleår.

Lesing i sentrum i Vikebygd

På Vikebygd skule er dei også klare for å ta fatt på hausten. Rektor Hilde Bjelland Abelseth fortel at skulen no går inn i ei spennande satsing saman med Høgskulen på Vestlandet.

– Me har mest fokus på satsinga som startar no i haust: samarbeid med HVL om tekst, språk og lesing. Desse dagane har me hatt introduksjon, og me skal arbeida i nettverk saman med nokre skular og barnehagar om dette viktige temaet dei neste tre åra, seier ho.

Dei tilsette ved Vik oppvekstsenter er klare for å ta i mot ungane. - Klikk for stort bileteDei tilsette ved Vik oppvekstsenter er klare for å ta i mot ungane. Vindafjord kommune

Brei forståing av lesing

Satsinga skal involvera både tilsette og føresette, og målet er å styrkja lesing og språkforståing i brei forstand.

– Det skal mellom anna vera kickstoff for føresette og tilsette om temaet. Lesing er viktig, og det handlar ikkje berre om å lesa tjukke bøker. Like viktig er det å forstå ein tekst i kvardagen, anten det er ei oppskrift, ei melding eller ei bruksrettleiing, seier Abelseth.

No er det meste klart til skulestart i Vindafjord, og i morgon kan skulane igjen fyllast med liv, læring og forventning.