Denne veka er det strandryddeveka

Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt. Sjølv små aksjonar bidrar til opprydding. Me oppfordrar alle til å rydda i sitt område med sin kohort, familie, aleine eller i små grupper.

Klikk for stort bilete Hold Norge Rent

Kommunen har sekkar til utdeling på rådhuset i Ølen og på Teknisk bygg i Sandeid.

Opningstida er 08.00 - 15.30 måndag - fredag.

Det er sett ut container ved Teknisk bygg i Sandeid og på Revehallstomta i Ølen. Der kan de kasta søppelet de ryddar.

Registrer gjerne ryddeaksjonen din her

Meir om Strandryddeveka