Demensvenleg Vindafjord: Startar kurs for servicebransjen

Vindafjord kommune startar opp kurs retta mot servicebransjen om korleis møta og tilretteleggja for personar som lever med demens. 

Målet er å skapa eit tryggare og meir inkluderande lokalsamfunn – der alle kan delta, ferdast og klara seg best mogleg i kvardagen.

Kursa er i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen, og lokalt er det eit samarbeid mellom hukommelsesteamet i Vindafjord kommune og Demensforeninga i Vindafjord. 

Opplegget rettar seg mot butikkar, kaféar, transportselskap og andre stader der folk ferdes.

– Det er spennande å jobba med demens. Alle spelar ei rolle i samfunnet, og ofte skal det ikkje så mykje til før ein føler seg litt tryggare og meir inkludert, seier kurshaldarane Nina Alvseike og Hanne Øvernes, sjukepleiarar i hukommelsesteamet.

Astrid Viland, Berit Hetland og Nina Alvseike inne på Ølen Torg - Klikk for stort bileteAstrid Viland, Berit Hetland og Nina Alvseike helde kurs om korleis ein kan møta menneske med demens. Kristine Thorsen Eikeland

Kunnskap som gir trygghet

Under kurset får deltakarane sjå videoar med situasjonar henta frå kvardagen. Målet er å gi innsikt i korleis demens kan vise seg – også på måtar som ikkje alltid er dei mest kjende teikna.

– Me ser at kunnskap gjer det mykje lettare å spørja om nokon treng hjelp, påpeiker Nina.

Slik kunnskap kan bety mykje for både personar med demens og pårørande. 

Det kan gjera det enklare å få hjelp til praktiske ting som betaling, orientering i ein butikk eller det å sleppa å stå i ei lang kø.

Eit nasjonalt prosjekt – og lokale gevinstar

Satsinga i Vindafjord er ein del av eit nasjonalt prosjekt for demensvennlege samfunn. Målet er at folk skal kunna bu heime lenger og delta i samfunnet på ein trygg måte.

– Dette er viktig, for demens er ei aukande utfordring i samfunnet. Me er kjempeglade for at desse kursa no vert sett i gang, seier Berit Hetland, leiar i Demensforeninga i Vindafjord.

Erfaringar frå andre kommunar viser gode resultat. Personar med demens fortel at dei blir møtt med større forståing, og pårørande kjenner seg tryggare når dei veit at fleire rundt i lokalsamfunnet har kunnskap og mot til å hjelpa.

Astrid Viland, Berit Hetland og Nina Alvseike utanfor Ølen Torg - Klikk for stort bileteKurhaldarane håpar på mange påmeldte til kursa, som vil bli sett opp i heile kommunen. Kristine Thorsen Eikeland

Diplom i vindauget – tryggleik for kundar og pårørande

Etter gjennomført kurs får verksemdene eit diplom som kan hengjast opp i vindauget. Det viser at staden er demensvennleg, og at dei tilsette har opplæring.

For pårørande kan dette gjera det enklare å avtala til dømes at nokon skal få hjelp til å handla eller betala. Det gir rom for ei meir sjølvstendig og trygg kvardag for dei som treng det mest.

Vil nå ut i heile kommunen

Dei første kursa blir halde i Ølen 22. og 29. januar, men planen er å tilby kurs i heile kommunen framover.

– Me går rundt i servicebedriftar for å informera om tilbodet. Målet er at fleire skal få sjansen til å delta, fortel Astrid Viland frå Demensforeninga i Vindafjord.

Små grep som betyr mykje

Hanne fortel at det ofte er dei enkle tinga som gjer størst forskjell:

  • nokon som vågar å spørja om det går bra
  • hjelp med betaling
  • sjå at kunden slepp å stå i kø
  • eit miljø som er godt belyst og ryddig
  • mindre stress og støy
  • tålmod og ro
  • praktisk hjelp når noko blir vanskeleg

For å hindra isolasjon og styrka meistringa

Mange med demens trekker seg unna kvardagslege aktivitetar når dei føler seg usikre eller redde for å gjera feil. Det ønskjer ein å endra.

– Meistringsfølelse er noko av det viktigaste me har som menneske. Når fleire forstår og hjelper, blir samfunnet tryggare – ikkje berre for dei med demens, men for alle, seier kurshaldarane.

Kursa blir ei kontinuerleg oppgåve, og kommunen håpar på mange deltakarar – både no og i framtida.

Har du spørsmål eller vil melda deg på? 

Her kan du ta kontakt:

berihetl@gmail.com

Tlf. 46425445