Marianne Log Rødde
Ei kjernenæring – og eit stort ansvar
Landbruket står sterkt i Vindafjord. I 2025 leverte heile 381 gardsbruk søknad om produksjonstilskot. Det tilsvarar rundt 175 millionar kroner som skal gjennom eit omfattande og detaljert system av kontrollar, regelverk og rettleiing.
-Produksjonstilskot er ein statleg stønadsordning for bøndene, men saksbehandlinga skjer i kommunane. Me har ansvar for å rettleie, kontrollere og sikre at regelverket blir følgt, fortel Sissel Lilleland.
Mer krevjande søknader
I tillegg til produksjonstilskotet kom det inn 256 søknader til RMP (Regionalt miljøprogram). Mange av desse krev kartfesting av tiltak – noko som gir meirarbeid, men også presisjon.
– Kartfestinga gir eit betre grunnlag for arealtilskotet og sikrar at arealtala i gardskartet er korrekte, seier Anne Karin Langeland, som har ansvaret for oppdatering av kart og arealdata.
Ho trekkjer fram den daglege kontakten med bøndene som ein av dei mest givande delane av jobben.
Høg sesong – lange dagar
Hausten og vinteren er den mest intensive perioden. Då møter dei to gjerne på jobb klokka 06.00, og dagane varer til 15.30 for å få plass til både rettleiing, tilsyn og saksbehandling.
– Vår rolle er å forvalte midlane og sjå til at alt skjer korrekt og rettferdig. Likskap for lova er heilt avgjerande, understrekar Sissel.
Kontroll i eit stort husdyrfylke
Rogaland er eit av landets største husdyrfylke, og Vindafjord er ikkje noko unntak. Det betyr mange kontrolloppgåver gjennom året. Sissel jobbar mykje med kontrollplanar, dokumentasjon og gjennomgang av data frå blant anna husdyrregister, slakteregister og mjølkekvotar.
– Å jobbe med produksjonstilskot er spanande og krev brei innsikt. Me må sjå utviklinga over fleire år for å kunne vurdere sakene riktig, seier ho.
Regelverk som krev samarbeid
Både produksjonstilskotet og RMP er styrt av komplekse reglar, og mykje handlar om skjønsvurderingar. Derfor er samarbeid mellom dei to – og med bøndene – heilt sentralt.
– God kommunikasjon og oversikt er avgjerande for at prosessane skal gå knirkefritt, seier Anne Karin.
Utbetaling i februar
Årets søknadsrunde har gått fint, og bøndene kan venta utbetaling i midten av februar. Då er mykje av det tunge arbeidet allereie gjort – av to fagpersonar som held mykje av landbruksmotoren i Vindafjord i gang.
Med Sissel og Anne Karin på landbrukskontoret står kommunen sterkt rusta til å støtte ei av dei viktigaste næringane i regionen.