Til hausten startar Familieteamet ny Cool Kids‑gruppe – eit program for barn og unge som strevar med angst og engstelse i kvardagen.
Marianne Log Rødde
– Me ser stadig fleire barn og unge som strevar med angst og uro, og for mange går det utover skule, fritid og sosial deltaking, seier kurshaldarane Ann Kristin A.Furseth og Aud Hopland Åserud i Familieteamet.
-Det er lett for føresette å tenkje at det berre er ein fase eller at barnet «ikkje strevar nok» til å ta kontakt. Men når uroen byrjar å styre kvardagen, er det heilt greitt – og ofte lurt – å be om hjelp, utdjupar Aud.
Cool Kids – oppstart hausten 2026
✔ For barn og unge i skulealder
✔ Lågterskel og uforpliktande interessemelding
✔ Foreldreinvolvering og trygge rammer
👉 Meld interesse her:
e-post til Ann Kristin A Furseth e-post til Aud Hopland Åserud
Angst kan sjå ulik ut
Angst hos barn og unge kan vise seg på mange måtar. Nokre er redde for å snakke i timen eller vere sosiale, andre gruar seg til skule, aktivitetar eller nye situasjonar. Nokre har mange bekymringar, andre får kroppslege reaksjonar som vondt i magen eller hjartebank.
– Angst treng ikkje vere dramatisk for å vere vondt. Ofte handlar det om at barnet byrjar å unngå ting dei eigentleg vil klare, forklarer kurshaldarane.
Cool Kids er eit lågterskeltilbod, og ein treng ikkje ha ein diagnose for å delta.
– Me jobbar med det som er konkret og gjenkjenneleg
Cool Kids byggjer på kognitiv åtferdsterapi og gir barn og unge konkrete verktøy for å forstå og handtere angst.
– Me startar med å normalisere det å vere redd. Alle kjenner på angst iblant. Deretter jobbar me med tankar, bekymringar og små øvingar i kvardagen, fortel Anne Kristin.
Deltakarane lærer å bli merksame på eigne tankar, vurdere alternative måtar å tenkje på, og øver seg gradvis på det som er vanskeleg.
– Me jobbar mykje med det me kallar detektivtenking – å bli merksam på automatiske tankar og finne meir realistiske alternativ, forklarar Aud.
– Målet er ikkje å fjerne all angst, men å gjere ho mindre styrande. Å lære at ein kan stå i ubehaget – og kome styrkja ut.
Mange kjenner seg mindre åleine i gruppe
Cool Kids kan gjennomførast både individuelt og i grupper, men erfaring viser at gruppetilbod gir god effekt.
– For mange er det ei stor letting å oppdage at andre strevar med det same. Det gjer noko med skam og einsemd, seier Ann Kristin. I gruppene er det trygge rammer, klare reglar og mykje varme.
– Me gjer øvingane i lag, i eit tempo som passar deltakarane. Og me viser også litt av oss sjølve – for me er jo alle redde for noko, legg ho til.
Foreldra er viktige – og får eigne verktøy
Foreldreinvolvering er ein viktig del av Cool Kids, særleg for dei yngste deltakarane.
– Foreldre vil barnet sitt beste, men det er lett å komme til å “redde” barnet litt for mykje når det har det vanskeleg. Då kan uroen få meir plass.
Foreldra får eigne arbeidsbøker og møte der dei lærer korleis dei kan støtte barnet på ein måte som fremjar meistring!
– Mange foreldre opplever det også nyttig for seg sjølve. Dette handlar jo om ting me alle møter i livet, fortel Aud.
– Du melder ikkje barnet på, du melder interesse.
– Å melde interesse er heilt uforpliktande. Alle som tek kontakt får ei kartleggingssamtale, der me saman finn ut om Cool Kids er det rette tilbodet, forklarer kurshaldarane.
Ny gruppe er planlagt med oppstart til hausten.
– Me håpar at også familiar som ikkje tidlegare har hatt kontakt med hjelpeapparatet, tek steget. Det er lov å vere usikker – men ein treng ikkje vere aleine, seier dei.
Erfaringar og effekt
Erfaringar frå tidlegare gjennomføringar viser at deltakarane blir meir bevisste på eigne tankar og reaksjonar, og at dei tør meir i sosiale og krevjande situasjonar.
– Angsten forsvinn ikkje nødvendigvis heilt, men mange opplever at han blir meir handterbar. Dei står betre i det som er vanskeleg, utdjupar Ann Kristin.
– Det finst hjelp
Aud og Ann Kristin håpar saka kan bidra til at fleire barn, unge og foreldre kjenner seg igjen – og vågar å ta kontakt. Dei gler seg til oppstart av ny gruppe.
– Det er heilt normalt å vere redd. Men når angst får styre kvardagen, finst det verktøy og støtte som kan hjelpe. Og jo tidlegare ein får hjelp, jo betre, avsluttar dei.
👉 Vil du vite meir om Cool Kids eller melde interesse?
Ta kontakt med Familieteamet
Aud Hopland Åserud
Ann Kristin A Furseth