Bygdahus og symjehall - vinnar av konkurransen
Vindafjord kommune er nå i sluttfasen av anskaffingsprosessen om anskaffing av leverandør for pris og designkonkurranse med samspel for symjehall og bygdehus i Vindafjord kommune.
Illustrasjon av vinnaren
Ill: GL prosjektservice
Innan fristens utløp, 08.05.2023 var det levert 5 tilbod, alle gyldige.
Tilboda er evaluert på desse 3 kriteria:
- Gruppas prosjektforslag 50%
- Samspelkompetanse / intervju 10%
- Pris 40%
GL prosjektservice AS er den leverandøren som gjennom evalueringa har oppnådd høgaste poengskor, og har med det levert det mest økonomisk fordelaktige tilbodet.
Vindafjord kommune har i dag 16.05.2023 utnemnd GL Prosjektservice AS som vinnar av konkurransen og har til intensjon å inngå kontrakt om samspelsfase med dei.
Det er en karenstid på 10 dagar. Den utløpet 26.05.2023. Etter karenstida skal ein i gang med en samspillsfase for å ferdigstille prosjektet.
Her presenterer prosjektleiar Frode Eike vinnaren av konkurransen for kommunestyret tidlegare i dag
Nils Erik Eide
Sist endra 29.05.2023 18.16