Budsjett for 2023 vedtatt

I ettermiddag hadde kommunestyret sitt siste møte, og saka om budsjett og økonomiplan var oppe til behandling som årets siste sak. Møtet måtte utsetjast i eit kvarter grunna kraftig snøvær. Kommunestyret vedtok innstillinga frå formannskapet til budsjett og økonomiplan for 2023-26 med eit nytt tilleggspunkt. 

Trass kraftig snøvær blei budsjett for 2023 vedtatt i kommunestyret. Alle medlemmene kom fram til slutt og fekk delta i behandlinga Nils Erik Eide

Administrasjonen treng litt tid til å få kvalitetssikra den offentlege versjonen av budsjettet. Det vil bli lagt ut her på nettsida til kommunen så snart det er klart for publisering. Inntil vidare ligg formannskapet si innstilling her, som kommunestyret i ettermiddag vedtok med 17 stemmer. 

Formannskapet sitt vedtak frå 22.11.22

I budsjettmøtet kom det eit tillegg til budsjettforslag frå SP, AP, KrF, SV, MDG(uavhengig) som vart vedtatt:

Avgiftsfinansiert drift, Vatn og Avlaup

Sjølvkostområda vatn og avlaup skal ha ei sjølvkostgrad på 98,5 % i 2023. Abonnementsgebyret for vatn og avlaup blir redusert med høvesvis kr 121 og kr 128 inkl. mva. Rammeområdet forvaltning, drift og utvikling blir tilført kr 500 000 for å kompensere for manglande gebyrinntekter. Inndekning frå frie disposisjonsfond.
Kommunedirektøren legg fram ei sak der drift av sjølvkostområdet vert belyst. Ein vil ha informasjon om leidningsnett, rutinar ved lekkasje, bruk av vassmålar, vedlikehald og rutinar for kundeoppfølging og faktureringssystem og eventuell anna driftsrelatert informasjon. Likeeins ei vurdering av om det er mogeleg med ei satsing for å koble fleire kloakkanlegg inn på det kommunale.
Saka skal belysa status for nyleg gjennomførte-, pågåande- og planlagte investeringar.
Saka skal også belyse korleis kommunestyret kan få eit betre innsyn i sjølvkostområdet vatn- og avlaup. Dette gjeld både drift og investeringar. I utgangspunktet bør investeringar innafor dette området ha same saksgang og rapportering som andre investeringar. Saka vert lagt fram for DUK og FS våren 2023.

Erik Hjelm Fjeldheim frå ungdomsrådet mottok applaus for sitt innlegg under budsjettmøtet i ettermiddag, han sa at kommunestyret må bli flinkare til å høyre på ungdommen i saker som gjeld dei og framtida deira. Nils Erik Eide

Ungdomsrådet sin uttale til budsjettet kan du lesa her: 

VUR- 016/22 Vedtak:
Ungdomsrådet viser til tidligere uttale i barnehage- og skulebrukssaken. Me ser på forslaget til budsjett som går ut på å redusere med 3 årsverk for hjelpepersonell under oppvekst, som ein direkte konsekvens på skolestrukturen som blei vedtatt i kommunestyret. Ungdomsrådet meiner at vårt alternative forslag om skulestruktur, ville skapt bedre forutsetningar for å behalde desse stillingane. Me ser det som bekymringsverdig at kommunestyrets nylig vedtatte skulestruktur skal gå på bekostning av utdanningstilbudet, og vil rå til å høyre meir på ungdommen neste gong!

Her kan budsjettmøtet sjåast på kommuneTV