Budsjett 2024 og økonomiplan 2024–2027 til offentleg ettersyn

Formannskapet i Vindafjord behandla i sitt møte 21. november 2023 forslag til budsjett 2024 og økonomiplan 2024–2027 for Vindafjord kommune. Innstillinga til kommunestyret med forslag til vedtak blir no lagt ut til offentleg ettersyn i medhald av kommuneloven kap. 14 og plan- og bygningslova § 11-4.

Innspel og høyringssvar kan sendast på e-post til postmottak@vindafjord.kommune.no eller pr. post til Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen. 

Høyringsfrist 8. desember 2023. Alle høyringssvar innkomne innan fristen blir sendt til kommunestyret. Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i sitt møte den 12. desember.

Saksdokument:

Budsjettframlegget.

Alle andre saksdokument.

Ei oppsummering som visar endringane i høve Kommunedirektøren sitt framlegg. 

Dei alternative budsjettframlegga som ikkje fekk fleirtal i formannskapet finn du her:

Frp 

Høgre 

SV og Vindafjordlista