Bryggedans på Vindafjordtunet

Onsdag 20. august vart det arrangert bryggedans for alle bebuarane ved Vindafjordtunet og omsorgsbustadane.

Tusen takk til alle som bidrog til ein strålande dag og ein fin ettermiddag for bebuarane.

Frivillige, Vats Bygdekvinnelag, bandet The Rullators & the Pacemakers, tilsette og pårørande – alle var med og gjorde det mogleg å gjennomføra arrangementet.

Bandet er frivillige og tek seg fri frå jobb for å spela. Ein av dei kom frå ferie i Jondal, spelte – og reiste tilbake etter dansen!

Bryggedans på Vindafjordtunet - Klikk for stort bilete Vindafjordtunet

- At folk tek seg tid, kjem langveis frå og set andre ting på vent for å bidra – det varmar hjartet, fortel Annelin Bauge ved Vindafjordtunet & Ølen omsorgssenter.

Lokale frivillige, tilsette, Vats Bygdekvinnelag, positiv vaktmeister og kjøkkenpersonell – alle bidrog.

I tillegg stilte ein sjåfør opp, slik at også nokre bebuarar frå Ølen omsorgssenter fekk vera med på dansen.

Bryggedans på Vindafjordtunet - Klikk for stort bilete Vindafjordtunet

Det vart servert pølse, brus, kaffi, saft – og ikkje minst tebrød og karameller.

Tusen takk igjen – Vindafjordtunet gler seg til neste år!

Bryggedans på Vindafjordtunet - Klikk for stort bilete Vindafjordtunet Bryggedans på Vindafjordtunet - Klikk for stort bilete Vindafjordtunet