Bli med på Sommarles 2026

Frå 1. juni kan alle 1. - 7.klassingar vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. Kampanjen er og retta mot dei som skal på byrja på skulen til hausten. 

Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 162 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lesa så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

Sommarles gjer det gøy å lese. Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Saman med føresett lagar barna seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får poeng for tida dei vel å bruka på lesing. 

Sommarles varer frå 1. juni til 31. august. Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve. I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket. 

To større endringar

I år er det to større endringar. Det eine er at ein no registrerer tid brukt på aktiv lesing/høyrt lydbok, i staden for sider ein har lese.

Den andre endringa er at det kjem nasjonale leseutfordringar kvar 2.veke.

Leseutfordringa er for dei aller ivrigaste deltakarane. Utfordringane er utforma som eit felles oppdrag for Sommerlesdeltakere frå heile landet. På nettsida kan barna følgja med på framgangen og sjå korleis stadig fleire bidreg til å løyse oppdraget.

Det er oppgåver og høve til å leggja inn kodeord på Sommarles.no. Gjer ein dette får ein digitale trofear.

For oversikt over kodeord i tillegg til inspirerande lesetips, sjekk ut vindafjordbibliotek.no