Beste elevbedrift i Nord-Rogaland

CreativeCloud EB frå Ølen skule vann tittelen beste elevbedrift i Nord-Rogaland. Også to andre elevbedriftar hevda seg i toppen på elevmessa til Ungt Entreprenørskap. 

Denne gjengen visar her stolt fram vinnarkonseptet for årets elevbedrift i Rogaland, CreativeCloud. Fv. Helene Handeland, Guro Pettersen, Oliwia Tomaszewska og Maren Ljosnes Nils Erik Eide

Det var ein stolt vinnargjeng som viste fram sitt konsept til kommunalsjef for oppvekst då han var på besøk i dag. Han fekk høyre korleis dei ulike bedriftane jobbar og ikkje minst kor kjekt det er å jobbe med elevbedrift. Det er faget tilvalsfag som har gjort det mogleg for elevane å kunne bruke sine kreative evner til å lage elevbedriftane sine. Lærarane Annika Andreassen og Dorota Cieslar fortel at dette faget er med på å gje elevane meistring og vidare motivasjon.

Rektor Gro Anett Espevoll er veldig stolt over prestasjonen til elevane frå Ølen skule og håpar at dette kan inspirera andre elevar til å opprette elevbedrift, og som vidare kan melde seg på elevbedriftmessa til Ungt Entreprenørskap. Lærarane og rektor skryter over Ine Therese Linvik frå Ungt Entreprenørskap, ho har vore på besøk og inspirert elevane til alt dette dei no stolt visar fram. 

For å vise konsepta og produkta sine til alle på skulen har dei laga utstilling i foajeen på skulen. Kommunalsjefen delte ut ein sjekk på 3000 kr som skal brukast på miljøskapande tiltak for alle elevane på Ølen skule fram mot sommaren. Det er elevrådet som skal behandla saka om kva desse pengane skal brukast til.