Beredskapsdag for næringslivet på Haugalandet

Haugaland brann og redning IKS inviterer næringslivet i regionen til ein gratis beredskapsdag 17.desember, i samarbeid med beredskapskoordinatorane i kommunane og Fagne.

Når ei krise rammar samfunnet, skal brann- og redningstenesta framleis fungere og møte behovet for hjelp. Men me er ikkje dimensjonerte for å redde alle samtidig. Det er difor i vår interesse at flest mogleg er førebudde og i stand til å ta vare på seg sjølve, slik at me kan bruke ressursane på dei som verkeleg treng oss. Dette gjeld både enkeltmenneske og bedrifter.

Faktisk er me også avhengige av andre for å kunne fungere. Mat, drikke, drivstoff, sløkkjevatn … lista er lang. Dersom det tekniske utstyret vårt bryt saman, er me avhengige av å få tak i ressursar som kan reparere det. Dersom næringslivet stengjer ned og ventar på at samfunnet skal bli normalt igjen, vil det gå ut over kor lenge me kan halde fram med arbeidet vårt.

Difor inviterer me til ein dag med beredskap i fokus, der deltakarane kan dele tankar og erfaringar. Invitasjonen går både til dei som har utarbeidd og øvd på kontinuitetsplanen sin, og til bedrifter som framleis er i startfasen.

Arrangementet skjer i samarbeid med FAGNE, og Lev360 (www.lev360.no) vil leggje til rette for sjølve gjennomføringa.

Arrangementet er gratis. Det er sett ei grense på 50 deltakarar.
 

Klikk her for påmelding