Barneverntenesta søker deg som brenn for barn og unge: – Ein jobb med meining

Dei tilsette i Etne Vindafjord barnevernteneste har lang fartstid og tett samarbeid. No står ei nøkkelrolle som fagleiar open. – Det er når laget rundt barnet fungerer, at me lukkast, seier barnevernleiar Turid Askeland.

I Etne Vindafjord barnevernteneste er det ledig stilling som fagleiar frå 1. oktober.

Her får du ikkje berre ansvar – du får tillit, støtte og eit fagmiljø der du blir sett og verdsett.

Fire barnehagetilsette står ute og smiler mot kamera - Klikk for stort bileteSOLID FAGMILJØ: Anette, Turid, Monica og Marit er ein del av eit godt fagmiljø i Etne Vindafjord barnevernteneste. Kristine Thorsen Eikeland

Søk på stillinga her

Av og til er det stille. Men ikkje lenge.

Ein kontaktperson stikk hovudet inn døra for ei avklaring, ein anna er på veg ut døra på heimebesøk, og to kollegaer slår av ein prat i bakgrunnen.

Det er liv i lokala til barneverntenesta – og det er slik dei vil ha det.

– Me er mange ulike folk her som er delt inn i team, men me er éi teneste, seier einingsleiar Turid Askeland.

Turid har vore i faget lenge, og veit kva som skal til for å skape eit godt arbeidsmiljø.

– Me har låg turnover, og det er ikkje tilfeldig. Folk trivst her. Me tenkjer at ein må ha det bra å jobb for å kunne hjelpe kvarandre og andre. Me vann arbeidsmiljøprisen i fjor, og det skuldast ein felles innsats og fokus.

For sjølv om det er tunge tak, meiner ho nøkkelen ligg i samhald.

– Me står i krevjande situasjonar, men me står i dei saman. Som kollegaer støtter me kvarandre og trivst i lag.

Ho legg til:

– Leiargruppa er hjartet i barneverntenesta. Me er ulike, men det er bra. Det er viktig med litt motstand og forskjellige perspektiv for å få til endring og utvikling. Me har stor takhøgde og fokus på å få til dei beste løysingane for brukarane våre. 

Fire barneverntilsette sit rundt eit møtebord - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Eit lærande fagmiljø med fokus på leiing

Litt lenger inn i gangen sit Marit Svendsen Haug og jobbar med fagutvikling. Ho er kvalitetsutviklar og har ansvar for rutinar, internkontroll og struktur.

 Marit fortel om korleis dei jobbar for å skape eit lærande fagmiljø, med gode ordningar for vidareutdanning og kurs.

 – Me har fokus på leiing som fag. Her får du både rettleiing og fridom til å utvikle deg som leiar og fagperson. Du får vera med og skape meining og retning.  

Ho understrekar at fagleiarrolla krev struktur og evne til å leie i det uforutsigbare.

– Du må kunne planlegge, men også takle at kalenderen endrar seg. Det kjem alltid nye behov, og du må kunne hive deg rundt og trivast med det.

VIDEO: Kristine Thorsen Eikeland.

Ein kvardag med puls og meining

– Fleire her seier at dei ville ha kjeda seg kraftig om det var stille, seier Anette Helgeland og ler.

Ho er fagleiar for omsorg, ettervern og miljø, og har akkurat vore i møte.

 – Me er ja-menneske her. Me vil få ting til. Og me hjelper kvarandre.

 Anette fortel om ein arbeidskvardag der det skjer mykje – men der det også er rom for å puste.

 – Me har fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor og høg tillit til dei tilsette.

Fleire pendlar frå andre kommunar, og køen køyrer du mot. Det gjer kvardagen både enklare og meir effektiv.

 Ho blir stille eit augneblink.

– Ein god dag på jobb? Det er når me har fått til endring. Når me har gitt hjelp som faktisk betyr noko. Når me har nådd inn til nokon – kanskje eit barn som har opplevd mykje, ein ungdom som treng støtte eller ein forelder som strevar.

Fagleiar Monica Nordbø supplerer:  

Ho smiler. 
– Og når me lykkast med laget rundt barnet – når samhandlinga mellom dei ulike instansane fungerer. Då kjenner eg at jobben gir meining.

Kven er du?

Turid har tenkt mykje på kva slags person dei treng i rolla som fagleiar.

– Ein trygg og god leiar, som ser folk, som har fagleg og etisk integritet, som motiverer og rettleier. Her skal me ta vare på både faget, lova og menneske.

 Monica nikkar.

– Du må ha varmt hjarte og klart hovud. Og du må vera nysgjerrig på menneske – det er heilt grunnleggjande i denne jobben. 

Fagleiarrolla krev meir enn fagleg kompetanse. Det handlar om å vera roleg og løysingsorientert – også på tunge dagar – og å vera ein som løftar andre opp.

– Du må kunne tilpasse deg, men også sette kurs og struktur, seier Turid. – Og du må trivast med å dra lasset saman med andre.

Fire tilsette i barnevernet står utandørs og ser mot kameraet. Dei står side om side og smiler. Bakgrunnen er nøytral med dagslys. - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Opne dørar

Monica viser fram kontoret som kan bli ditt: lyse veggar, godt tilrettelagt og med ei dør som står open.

– Me har open dør-politikk her. Me snakkar om ting. Det er viktig, fortel ho. 

Dette flotte kontoret blir ditt. Men viktigare: du får vera med og utvikle tenesta.   – Me likar når ein tørr å “tenkja utanfor boksen” og å vera kreativ for å til gode tiltak for familiane me skal hjelpe.

Barneversleiaren står utanfor Rådhuset med kommunelogoen i bagkrunnen - Klikk for stort bileteROM FOR UTVIKLING: – Me ser etter ein trygg og engasjert leiar som vil vera med og gjera ein forskjell, seier Turid. Kristine Thorsen Eikeland

Eit lagarbeid med rom for vekst

I Etne Vindafjord barnevernteneste er det 17 årsverk, god aldersspreiing og lang erfaring.

Den som har vore her lengst, starta i 1987. Leiargruppa har til saman 37 års erfaring innan barnevernsfaget.

– Me har ein levande kompetanseplan som inneheld både vidareutdanningar og kursing, og me jobbar tett med andre instansar. Det er eit lagarbeid og me må halde oss oppdaterte, påpeikar Turid og legg til:

– Barneverntenesta arbeidar etter Lov om barnevern og kan av nokon opplevast som ei lukka avdeling som jobbar med sensitive og nære ting. Men me har også ei viktig rolle i det store Laget Rundt Barnet i både Etne og Vindafjord kommune.  

Gode samarbeidsevner er ei føresetnad i møte med både brukarar, kollegaer og samarbeidspartnarar.

– Me skal dela av våre kompetanse og samarbeidde for å førebygge omsorgssvikt og åtferdsvanskar i kommunane våre, fortel Turid.

Fokus på det sosiale  

Monica legg til at det sosiale miljøet er ein bevisst prioritet. 
– Me har fokus på sjølvivaretaking. Du må ta vare på deg sjølv for å kunne hjelpe andre. Det er ein verdi me står for – og praktiserer.

Turid avsluttar: 
– Me jobbar tett saman, og me vil ha med oss fleire flinke og kjekke folk som brenn for barnevernsfaget og for å hjelpe dei meste sårbare.

Her får du ein jobb med meining, eit fagmiljø med varme – og ei leiarrolle der du får vera med og gjere ein forskjell.

Søk på stillinga her