Barnas kommunestyre delte ut 40.000 til ulike skuleprosjekt

Barnas kommunestyre samla engasjerte elevar frå heile Vindafjord denne veka. Gjennom avstemming fordelte dei 40.000 kroner til ulike prosjekt som skal skape meir aktivitet, trivsel og gode møteplassar på skulane,

Elevane presenterte kvar sine tiltak frå eigne skular, og måtte argumentere for kvifor nettopp deira idé fortente støtte. 

Gjennom presentasjonar og gode grunngivingar fekk elevane stemme over kva tiltak som skulle få tildelt midlar.

– Det var gode presentasjonar som viste at elevråda hadde jobba godt i forkant av møtet. Veldig kjekt å sjå og høyre engasjerte elevar, fortel barnehage- og skulesjef, Anita Jørstad Grindheim.

Fleire uttrykte at det var eit kjekt oppdrag, og det vart servert pizza til den engasjerte gjengen.

Barnas kommunestyre - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Desse tiltaka fekk tildelt støtte:

Vågen oppvekstsenter- stor ballpakke
Ølen skule - Hjarterom
Vikedal skule - Flytsona
Skjold skule- hagebord