Balansegruppe for eldre

Frivilligsentralen og fysioterapeutane søkjer deg som vil vera frivillig og har lyst til å bidra for å auka fysisk aktivitet hjå eldre.

Ane Kesia Eide Fatland

Frivilligsentralen og fysioterapeutane i Vindafjord kommune ynskjer å tilby balansetrening på Sjøperlo i Ølen. Her ser de bilete frå balansegruppe i god aktivitet, og det vil me fortsetja å få til. 

Med god opplæring/ rettleiing frå fysioterapautane våre vil du få god kunnskap og kompetanse til å leia ei slik balansegruppe. Målet er å få eit team av aktivitet frivillige som ønskjer å bidra til at den aukande gruppa eldre får god og viktig fysisk aktivitet. 

Ei balansegruppe er ei gruppe menneske som møtes for å vera fysisk aktive.  Målet er å ha ein sterk kropp som gjer at ein som eldre kan klare seg sjølv. Fokus er på øvingar som fremjjar balanse og styrke, både i armar og bein. Øvingane går føre seg på og rundt ein stol. 

Deltakarane vel sjølv om dei treng litt ekstra støtte i stolen og ein tilpassar øvingane for alle. Alle deltakararne skal som utgangspunkt kunne flytta på seg sjølv. Det gjeld også det å koma seg til og frå balansetreninga. 

Me treng deg som kan tenkja deg å leia ei balansegruppe. Ein fysioterapeut vil vera med dei første gongane. Du får god opplæring, oversikt over aktuelle øvingar og oppfølging undervegs. Du treng ikkje å ha kunnskap på førehand. Det går fint å vere både to og tre som kan dela på oppgåva!

Ta kontakt med Frivilligsentralen for meir informasjon. Mobil 48184078/ frivilligsentalen@vindafjord.kommune.no

Sjekk ut vår heimeside!