Årets NRK TV-aksjon nærmar seg

Innsamla pengar går i år til Barnekreftforeningen. Vindafjord kommune ønskjer fleire bøsseberarar til NRK TV-aksjonen søndag 20. oktober. 

NRK TV-aksjonen

Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen, som skal etablera familiehus nær sjukehus i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan familiar med alvorleg sjuke barn skapa gode stunder i ei vond tid.

Annankvar dag får et barn i Norge kreft, og kvar veke blir 10 barn født med hjertefeil. Når eit barn blir sjukt, blir heile familien ramma. Søndag 20. oktober går vi saman for små heltar.

REGISTRER DEG SOM BØSSEBERAR i DAG

Vindafjord kommune er sett til å organisera og gjennomføra årets TV-aksjon. Me oppmodar difor deg, som innbyggjar i Vindafjord kommune til å setja av 2 timar søndag den 20. oktober til å vera med på årets viktigaste søndagstur som bøsseberar for TV-aksjonen.

Dette går TV-aksjon innsamlinga til i 2024