Det er for tida stor etterspørsel etter vaksine mot helvetesild, og me oppmodar alle som ønskjer vaksine om å ta kontakt for bestilling. Du treng ikkje resept hos lege.
Oppmøte er Vaksinekontoret (baksida av Ølen omsorgssenter).
Kristine Thorsen Eikeland
Påminning frå FHI om vaksinasjon til vaksne
Folkehelseinstituttet (FHI) har denne veka sendt ut digitale påminningar via Helsenorge til uvaksinerte personar som er anbefalt vaksine på grunn av alder.
Dei som ikkje har brukar på helsenorge.no får påminning som brev.
Hausten 2025 gjeld påminningane desse gruppene:
- Koronavaksine: Personar 75 år og eldre
- Influensavaksine: Personar 65 år og eldre
- Pneumokokkvaksine: Personar fødde i 1960
Påminning til deg fødd i 1960
Alle fødde i 1960 får tilbod om ny vaksine mot lungebetennelse (Prevenar20) gjennom vaksinasjonsprogrammet for vaksne.
Denne gir livslang immunitet og kan takast samtidig med influensavaksina.
I 2026 vil tilbodet også gjelda dei som er fødde i 1961.
Retten til å få pneumokokkvaksinen gjennom programmet består sjølv om ein ikkje nyttar tilbodet det året ein fyller 65 år.
Om vaksinasjonsprogrammet for vaksne
Vaksinasjonsprogrammet for vaksne er eit tilbod til alle som på grunn av alder eller helsetilstand har auka risiko for å utvikla alvorleg sjukdom dersom dei får influensa, korona eller pneumokokksjukdom.
Kommunane har ansvar for å sørga for at desse gruppene får tilbod om vaksine mot dei nemnde sjukdomane.
Målet med vaksinasjon er å førebyggja alvorleg sjukdom og dødsfall.
Folkehelseinstituttet har samla informasjon om vaksinane i vaksinasjonsprogrammet for vaksne på nettsidene sine: