Ann Rita Eike blir ny dagleg leiar i nye Vindafjordhallen

Ann Rita Eike frå Vats som står klar til å leie Vindafjordhallen vidare. Ho startar i stillinga 1. mai – og gler seg stort til både nye oppgåver og til å komma heim til bygda igjen.

Eike har vore lærar på ungdomsskulen i 25 år, og trivst framleis svært godt i klasserommet. Likevel kjende ho at tida var inne for å prøva noko nytt.

– Eg har det fantastisk på skulen, men eg kjende at eg ville utfordra meg sjølv litt. Då denne jobben dukka opp, kjente eg at det var heilt rett, seier ho.

Trygg i vatn – ei hjartesak

For Eike er vatn, symjing og tryggleik ingen ny interesse. Ho var med og starta svømmeklubben SK Vats, motivert av eigne ungar og eit ynske om at barn og unge skal kjenna seg trygge i vatn.

– Eg brenn verkeleg for at alle skal vera trygge i vatn. Det har vore ein raud tråd i alt eg har gjort, seier ho.

Ho har òg vore badevakt i den gamle hallen, og har undervist i symjing gjennom heile lærarkarrieren. Overgangen til eit nytt og moderne anlegg gjer inntrykk.

– Det er heilt fantastisk å få hallen tilbake. Det er eit utruleg flott nybygg og ein endå flottare gjeng å jobba saman med, smiler ho.

Portrettbilete ute av Ann Rita Eike - Klikk for stort bileteAnn Rita Eike er ny dagleg leiar i Vindafjordhallen Kristine Thorsen Eikeland

Ny kvardag – utan eigen timeplan

Eike innrømmer at det blir litt rart å ikkje ha sin eigen klasse og timeplan lenger. 

Samtidig gler ho seg stort til å skapa struktur, jobba i team og forma innhaldet i hallen saman med dei andre tilsette.

– Det blir spennande. Eg gler meg til å bygga gode system og til å samarbeida tett med gjengen som allereie er her, seier ho.

Vil skapa mest mogleg aktivitet

Den nye daglege leiaren er oppteken av at Vindafjordhallen skal vera ein møteplass for heile distriktet – ein plass der både barn, unge og vaksne finn aktivitetar som passar dei.

– Me ønskjer mest mogleg liv i bygget. Tilbod på kveldar og helger – me vil at folk skal kunna komma når dei har tid, og kjenna seg velkomne, seier ho.

Ho trekkjer fram at ho allereie har møtt mange hyggelege gjester i badevaktsrolla, og ser fram til å vidareutvikla tilbodet for dei.

Kort veg – og nært hjarta

At jobben ligg i heimbygda, er ein stor bonus.

– Eg kan sykla frå Knapphus, ler ho.

– Det følest godt å komma heim og få bidra i eit anlegg som betyr så mykje for så mange.

Med entusiasme, erfaring og eit brennande engasjement for tryggleik i vatn, er Ann Rita Eike klar for å leia Vindafjordhallen inn i framtida.