Anja jobbar i Vindafjordbarnehagen: Frå elektrikarplanar til pedagogisk leiar

Anja Østrem fann rett yrkesveg då ho oppdaga barnehageyrket. I dag er ho pedagogisk leiar i Skjold barnehage, der ho trivst med både ansvaret, ungane og det sterke fagmiljøet.

Ho hadde eigentleg planar om å bli elektrikar, men kjente etter kvart at ho ønskte å prøva noko anna – noko som passa betre for ho. 

Då ho tok påbygg opna det seg ei ny retning, og ho oppdaga barnehageyrket.

Visste det frå første stund

Anja kjem frå Etne og bur i Vindafjord. Ho tok barnehagelærarutdanninga på Stord, og alt under praksisperiodane fekk ho kjenna på kor rett dette yrket var for henne.

– Måten eg blei møtt på i Skjold barnehage var heilt spesiell. Eg fekk ei god kjensle frå første stund.

Vindafjord kommune - Barnehagelærar og pedagogisk leiar

Anja i Skjold barnehage - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Kjærleik fann ho i Vats

I 2016 førte kjærleiken Anja til Vats. Der bur ho saman med mann og deira to barn på 2 og 4 år. 

Arbeidskvardagen hennar er på småbarnsavdelinga Sommerfugl i Skjold barnehage – ein arbeidsplass ho omtalar med varme og stoltheit.

– Me har eit sterkt fagleg miljø, god variasjon i alder og utdanning, og masse humor i kvardagen. Det betyr mykje.

Klar for meir ansvar

I 2025 gjekk Anja over i rolla som pedagogisk leiar – ei utvikling ho kjende seg klar for.

– Det er veldig kjekt. Eg likar å samarbeida om faglege drøftingar, og kjenner meg trygg i rolla som rettleiar.

Anja er ein person som likar struktur og ansvar, og trivst godt med å skapa ein kvardag der både barn og personale får rom til å utvikla seg.

Ho set pris på kombinasjonen av kontorarbeid, planlegging og å vera saman med ungane i leik og aktivitetar.

Anja i Skjold barnehage - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Vindafjord kommune - Barnehagelærar og pedagogisk leiar

Ein variert og meiningsfull kvardag

Arbeidsdagen hennar spenner frå språkgrupper og pedagogiske opplegg til administrativt arbeid, turar, aktivitetar og formingsaktiviteter knytt til temaene gjennom året.

– Eg likar å setja meg ned på golvet saman med ungane og berre vera til stades. Då skjer dei viktigaste møta.

God dialog med foreldre er ein naturleg og viktig del av jobben – og noko Anja set høgt.

– Me får til mykje gjennom godt samarbeid. Me vil det beste for ungane, og det merkar foreldra.

Ein aktiv kvardag – på og utanfor jobb

Når ho ikkje er på jobb, er Anja gjerne ute på tur eller trenar. Ho set stor pris på kvalitetstid saman med ungane sine, familie og vener.

Ho vil anbefala å jobbe i barnehage til andre.

– Det er ei veldig givande rolle. Du er ein viktig person i ungane sitt liv. Eg kan verkeleg anbefala å jobba i barnehage – og spesielt i Skjold.

Vindafjord kommune - Barnehagelærar og pedagogisk leiar