Anbod vinterdrift på kommunale vegar

Vindafjord kommune skal nå fornya kontraktane for vinteranbod.

Vinterveg gjennom snøkledd skog. - Klikk for stort bilete invisiblepower, Pixabay

Vindafjord kommune har om lag 10 mil kommunale vegar, gangvegar og parkeringsplassar som skal brøytast og strøast i vintersesongen.

Konkurransedokumentet finn du her

Torsdag 9. juni klokka 09.00-11.00 er det eit ope møte på Teknisk bygg i Sandeid. Der kan du stilla spørsmål og få avklaringar til konkurransedokumentet.

Velkomen!