50 tilsette deltok på PAS-opplæring
Tilrettelagde tenester hadde i dag kick-off for felles intern opplæring innan PAS (positiv atferdsstøtte).
Omlag 50 tilsette deltok på internopplæringa.
Me er så heldige å ha fleire tilsette i eininga med vidareutdanning i dette.
Kristin Tellefsen og Merethe Klungtveit var dei som leia opplæringa.
Dei formidla verdien av PAS-arbeid og korleis dette kan styrkja miljøarbeidet i kvardagen.
Kristin Tellefsen og Merethe Klungtveit var dei som leia opplæringa.
Åshild Håvås
PAS (Positiv atferdsstøtte) er ein metode som skal førebyggja utfordrande åtferd ved å leggja til rette for meistring, trivsel og positive løysingar i kvardagen.
PAS byggjer på forståing av årsaker til åtferd og bevisst bruk av støttande tiltak.
– Det kom mange gode refleksjonar og innspel på tvers av avdelingane. Målet er å heva kompetansen, med fokus på positiv atferdsstøtte og ei meir bevisst bruk av verktøy frå verktøykassa i det daglege arbeidet, fortel Åshild Håvås, einingsleiar for tilrettelagte tenester.
Åshild Håvås
Sist endra 29.04.2026 18.44