2G-nettet blir stengt – sjekk utstyret ditt no
Etter over 30 år i drift er det snart slutt for 2G-nettet i Noreg. Dette kan påverke både mobiltelefonar og anna viktig utstyr.
2G-nettet skal stengast ned – og det er lurt å sjekk utstyret ditt no.
Når skjer det?
- Telia startar nedstenginga i august 2025
- Telenor følgjer etter 31. desember 2027
Pixabay
Kven blir råka?
Har du – eller nokon du kjenner – noko av dette?
- Ein eldre mobiltelefon utan støtte for 4G eller 5G
- Ei tryggleiksalarm
- Ei heisalarm
- eCall-nødvarsling i bil
- Sensorar eller anna teknisk utstyr som brukar 2G
Alt utstyr som berre brukar 2G vil slutte å fungere når nettet blir stengt.
Kva bør du gjere?
- Sjekk kva nett utstyret ditt brukar
- Byt til utstyr som støttar 4G eller 5G
- Ta kontakt med operatør eller leverandør for råd og hjelp
Meir informasjon
Her finn du svar på vanlege spørsmål og gode råd om kva du bør gjere:
www.byttnettna.no
Sist endra 25.06.2025 14.59