23. oktober går TV-aksjonen 2022 av stabelen

I år går dei innsamla midlane til Leger Uten Grenser. Me treng både bøsseberar i alle bygdene og at mange vil vera med å gi til eit viktig arbeid.

Leger Uten Grenser, Vincenzo Livieri

Vindafjord kommune støttar opp om aksjonen med å gi pengar og å organisera aksjonen i vår kommune. Det er ordførar som leiar kommunekomiteen i Vindafjord.

Tysdag 18. oktober klokka 12.00-13.30 blir det arrangert ringestafett for å utfordra næringslivet i Vindafjord til å vera med å gi.

Søndag 23. oktober frå klokka 15.00 kjem bøsseberarane rundt og ringer på dørene.

Bli bøsseberar!

I desse dagar jobbar kommunekomiteen med å få på plass nok bøsseberarar i alle bygdene.
Ta kontakt med kommunen om du ønsker å vera med å gå, eller meld deg via nettsida blimed.no

Her finn du også mykje informasjon om TV-aksjonen.

Me håper at mange vil vera med å gi til eit viktig arbeid og tar godt i mot bøsseberarane som skal gå rundt.

Livreddande helsehjelp og medisinar

TV-aksjonen 2022 går til Leger Utan Grenser sitt arbeid for å gi livreddande helsehjelp og medisinar til menneske som treng det mest.

Årets TV-aksjon skal gå til å førebygga og behandla sjukdomar som rammar menneske på tvers av landegrenser, uavhengig av etnisitet, seksuell orientering, religion, politisk ståstad, alder og kjønn.

Manglande folkehelse får store konsekvensar for både samfunn og enkeltmenneske. Barn får ikkje veksa opp, familiar mister sine kjære, unge får ikkje utdanning og folk fell utanfor arbeidslivet. Utan tilgong til legehjelp, vaksinar eller medisinar, mister millionar av menneske livet kvart år. Ofte er dette menneske i sårbare livssituasjonar.  

Førebygga epidemiar

Med årets TV-aksjon skal me bidra til å førebygga epidemiar og behandla kjente og ukjente sjukdommar i fire land: Bangladesh, Den sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone. 

Me skal gi vaksine, tilgong på livreddande medisinar og legebehandling. I samarbeid med forskningsorganisasjonen DNDi skal delar av TV-aksjonsmidlane bli brukt til å utvikla medisinar mot gløymte, dødlege sjukdommar.