20 år med kreftsjukepleie i Vindafjord – ei varm og fin markering

150 personar møtte opp i Ølen Kulturhus for å markera 20-årsjubileet for kreftsjukepleietenesta i Vindafjord. 

Det vart ei minnerik og stemningsfull kveld med både fagleg påfyll, musikk og takknemlege ord.

Kvelden starta med enkel servering, før programmet tok til med velkomst og innlegg frå ordførar Ole Johan Vierdal. 

Tidlegare skihoppar Bjørn Einar Romøren heldt eit sterkt og personleg foredrag med tittelen «Frå verdsrekord til livets største utfordring».

150 møtte på Ølen Kulturhus for å markera jubileet. - Klikk for stort bilete150 møtte på Ølen Kulturhus for å markera jubileet. Steinar Sørhus

Belgtøttene sørga for god stemning med musikalske innslag.

Belgtøttene stod for musikalske innslag. - Klikk for stort bileteBelgtøttene stod for musikalske innslag. Steinar Sørhus

Det vart og gitt blomar og takk til nøkkelpersonar som har vore viktige for utviklinga av kreftsjukepleietenesta:

  • Synnøve Brendsdal, som i 2005 sørga for søknad om prosjektmidlar som gjorde oppstarten mogleg.
  • Hilde Haraldseide, leiar då tenesta gjekk frå prosjekt til fast stilling i 2007.
  • Kitty Soltvedt, noverande leiar, fekk takk for støtta i prosjektarbeid og jubileumsmarkeringa.
Hilde Haraldseide får blomar. - Klikk for stort bileteHilde Haraldseide får blomar. Steinar Sørhus

Frivillige frå Frivilligsentralen og fleire bidrog med servering av kaffi, te, frukt og kringle – og skapte ei lun ramme rundt arrangementet.

Takk til alle som kom og gjorde kvelden til ei verdig feiring av ei viktig teneste.

Bildedryss frå kvelden:

Fotograf: Steinar Sørhus

Kitty Soltvedt får blomar. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Fleire frivillige sat i registreringa ved ankomst. Inger Anne Havn Lothe, kreftsjukepleiar ved Ølen Omsorgssenter og Bjørn Einar Romøren. - Klikk for stort bilete
Hilde Haraldseide får blomar. - Klikk for stort bilete
150 møtte på Ølen Kulturhus for å markera jubileet. - Klikk for stort bilete
Ole Johan Vierdal talar.  - Klikk for stort bilete
Bjørn Einar Romøren heldt eit sterkt føredrag. - Klikk for stort bilete
Grete leiar kvelden. - Klikk for stort bilete
Bjørn Einar Romøren og Ole Johan Vierdal heldt begge innlegg. - Klikk for stort bilete
Belgtøttene stod for musikalske innslag. - Klikk for stort bilete
Bjørn Einar Romøren iog Unni Marie Lien (frå Belgtøttene). - Klikk for stort bilete