2.195 vindafjordingar er ferdig vaksinerte

Vaksineringa er nå godt i gang i gruppe 8 (64-55år). Ein reknar med å starta med gruppe 9 (44-55 år) i veke 25. SMS med lenke til bestilling blir sendt ut fortløpande.

Eit trillebord med klare vaksinedosar. - Klikk for stort bileteDet er ikkje mogeleg å endra på dose 2-timar som allereie er tildelt. Ellen Marie Hagevik

Denne veka har 203 fått dose 1, og 263 har fått dose 2. Talet på fullvaksinerte vindafjordingar er dermed kome opp i 2.195.

Endring i intervall

Som kjent blei det denne veka endring i intervalla mellom 1. og 2. dose. I Vindafjord betyr det at intervall på 9 veker gjeld frå denne veka (23).

– Det blir ingen endringar i oppsette timar for dei som har fått andre intervall tidlegare. Det er derfor ikkje nødvendig å ta kontakt med vaksinekontoret for bytting av time, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Folkehelseinstituttet (FHI) har også sagt at det kan koma ytterlegare endringar i intervall.

– Det seier seg sjølv at det ikkje lar seg gjera å endra alle oppsette timar kvar gong det kjem nye råd som kan tilbakeførast. Årsaka til endringane er ei kontinuerleg vurdering av tilgang til vaksiner med eit mål om å vaksinera flest mogeleg tidlegast mogeleg, seier Økland.

Tilbod i sommar

Sommarferien nærmar seg nå for mange. Frå fredag 11. juni er koronasertifikatet innanlands klart til bruk på helsenorge.no.

– Med tanke på koronasertifikat og vern mot korona, betyr endringar i intervalla lite i og med at sertifikatet er verksamt 3-15 veker etter første dose, seier Økland

Informasjon om koronasertifikat

– Me minner om at reiseråda frå regjeringa framleis gjeld fram til 1. juli der unødvendige utenlandsreiser blir frårådd. Om du likevel vel å reisa, er det viktig å setta seg inn i kva som gjeld i det landet du skal reisa til, oppmodar Økland.

Mange gode råd og informasjon finn du her:

Reiser til og frå utlandet

Utanlandsreiser og koronavirus

Tilbyr koronatestar ved kapasitet

Husk at karantenereglar framleis gjeld for innreise frå dei fleste land. Det er imidlertid opning for å kunna testa seg ut av karantene basert på kva for eit land du kjem frå. Ved utreise er det derimot ofte krav om testing for å få koma inn i landet du skal til.

Testkontoret tilbyr framleis koronatestar i desse tilfella ved kapasitet. Merk at for utreise ved jobb og ferie, er dette ei teneste ein må betala for. Kontoret vil ha ope alle dagar i sommar med unntak av torsdager, laurdager og søndager.

Mer informasjon finn du her.