Fiske i ferskvatn

Vindafjord byr på mange vatn. Lista over vatn og kortsal er ikkje komplett. Finn du ikkje vatnet du vil fiska i på lista, er det god skikk å spørja næraste gard eller nabo til vatnet kven som sel fiskekort. Eit anna tips er å spørja på næraste butikk eller bensinstasjon. 

 

To personer fiskar frå kano ute på eit vatn. - Klikk for stort bilete Free-Photos, Pixabay

Klikk på namnet til vatnet, så får du opp kart.

Fjellgardsvatnet

Fisk: Aure og røye.
Parkering: Langs Fylkesveg 745.
Kortsal: Fiskekort kjøper du hos grunneigarane, til dømes Peder Johan Sandvik, mobil 93 66 86 61.
Pris: 50 kroner for dagskort og 200 kroner for årskort.

Ølmedalsvatnet

Fisk: Aure og røye.
Parkering: Parkering ved Imsland skule og ved Imsland samfunnshus.
Kortsal: Fritt fiske
Kontaktperson: Sverre Hustveit, mobil 47 26 99 00

Børkjelandsvatnet

Fisk: Aure.
Parkering: Parkering ved Imsland skule og ved Imsland samfunnshus.
Kortsal: Fritt fiske
Kontaktperson: Svandal juletregard, mobil 95 20 76 57

Stokkadalsvatnet

Fisk: Aure og røye
Parkering: Eigen parkering ved fylkesvegen.
Kortsal: Fritt fiske i heile hovudvatnet
Utlån av båt og kano: Vindafjord Jakt- og Fiskelag har både båt og kano til utlån. Kontaktperson Tore Skogen, mobil 91 55 83 30
Du kan også bruka grillplass og låna båt gratis hos Halvard Stokkedal, mobil 95 05 89 04.

Gjerdesdalsvatnet

Fisk: Aure og røye.
Parkering: Rasteplass ved Fylkesveg 46.
Kortsal: Du treng ikkje fiskekort då bestanden er blitt så stor at det er fritt fiske.
Kontaktperson: Knut Erik Gjerde, mobil 99 29 20 90.

Vatsvatnet

Fisk: Aure og røye.
Parkering: Etter avtale med grunneigarane.
Kortsal: Du kan kjøpa kort på inatur.no eller hos Nesheimstunet, mobil 92 46 12 23 eller 99 27 42 08.
Utleige av kano: Nesheimstunet leiger også ut kanoar

Øklandsvatnet

Fisk: Aure.
Parkering: Parkering på Opheim, same parkeringsplass som Olalia. Det er 1-1,5 time å gå til vatnet.
Parkeringsavgift: 50 kroner per dag og 200 kroner for årskort.
Kortsal: Fiskekort kjøper du hos Unni Maries Rosemaling, mobil 48 25 85 58.
Pris: 50 kroner for dagskort og 200 kroner for årskort.
Overnatting i lavvo: Grunneigarane har laga til ein flott uteplass ved vatnet, og du kan også leiga lavvo til overnatting. Booking gjer du hos Unni Maries Rosemaling.
Kontaktperson for grunneigarane: Torbjørn Ruud, mobil 95 94 07 32.

Bjordalsvassdraget

Fisk: Aure i Holmavatnet, Longåsdalsvatnet og Bjordalsvatnet.
Parkering: I Bjordal (parkeringsavgift) eller i Skjold.
Kortsal: Jens Bjordal, mobil 90 53 25 02.
Pris: 30 kroner per døgn, 75 kroner for helg og 300 kroner for årskort.
Leige av båt: I Bjordalsvatnet kan du leiga båt. Kontakt Jens Bjordal.
Overnatting: Longåsdalshytta blir drifta av Skjold bygdalag. Hytta er open for alle. Overnatting må bestillast på mobil 99 70 74 49
Du kan også overnatta på Bjordalstunet. Kontakt Jens Bjordal for å få tilbod på overnatting, fiske og opplevingar.

Grautvatnet

Fisk: Aure.
Parkering: I Bjordal (parkeringsavgift)
Kortsal: Fiskekort kan kjøpast hos Bodil Erdal
Kontaktperson: Bodil Erdal, mobil 90 69 29 86

Malasetvatnet (også kalla Moldesæthervatnet)

Fisk: Aure
Parkering: Ikkje tilrettelagt parkering, så du må finna eigna plass langs vatnet.
Kortsal: Fritt fiske

Vatn i Vindafjord

Lista over vatn og kortsal er som nemnt ikkje komplett. Send gjerne ein e-post til servicetorget@vindafjord.kommune.no om du kjenner til kortsal i andre vatn.

Er du på leit etter alle vatn i Vindafjord, kan du finna dei her.