Vikedal

Vikedal er festivalbygda framfor alle dei andre bygdene i Vindafjord. Turistnæringa spelar også ei viktig rolle. I sentrum ligg det ikkje mindre enn tre campingplassar, båthamn, kro og motell og vertshus.


To personar sit ute på Skomakarnibba med utsyn til heile Vikedal. - Klikk for stort bileteVikedal sitt svar på Trolltunga: Skomakarnibba. Joar Mortveit

Her finn du Vikedal på kartet

Vikedal er på mange måtar lik Sandeid. Folketalet er om lag 810. Også Vikedal har gitt rom til ein vesentleg del av den kommunale administrasjonen.

Turistnæringa har spelt ei viktig rolle opp gjennom tida. I eller nær Vikedal sentrum ligg ikkje mindre enn tre campingplassar og ei flott båthamn. Sentrum byr også på både kro og motell og vertshus.

Webkamera Vikedal båthamn

Skomakarnibba er Vikedal sitt svar på Trolltunga. Sagnet fortel om ein skomakar som måtte sitta her og laga eit par sko som straff. Då han var nesten ferdig, mista han nåla og såg ingen annan utveg enn å hoppa etter den frå den stupbratte fjellhylla.

Kommunen har peika ut Vikedal og Imsland som område for utvikling av reiselivsnæringa. Ein god del av denne næringa har vore knytt til Vikedalselva som lakseelv. Mykje av busetnaden rundt elva har halde på fin, gamal byggeskikk.

Vindafjordmuseet ligg i Vikedal og har ei rik samling av gjenstandar frå arbeids- og kvardagsliv. Samlinga viser elles vervartida med fleire modellar av seglskuter

Blant andre verksemder finn ein fleire entreprenørar som Vikedal Mur og Anlegg og A & B Andreassen Maskin.

Oppe i Vikedalsdalen ligg motorsportsanlegget til NMK Vikedal.

Vikedal har idrettshall og eit moderne bygdahus med festsal, scene og lokale for servering.

Vikedal skule er kombinert barne- og ungdomsskule, med barnesteg for Vikedal og Mo, og ungdomssteg for Sandeid, Vikedal og Imsland. Vikedal har også barnehage i nærleiken av sentrum.

Grendeside for Vikedal

Bygdelag og leiarar

Bygdelag og leiarar
LagLeiarE-postTelefon
Bjoa bygdeutviklingslagAleksander Bjørnøaleksander.teibjo@gmail.com
Fokus SandeidIngvar Gjerdeingvar.gjerde@hotmail.com95 24 63 46
Imsland grendautvalMonika Vanvikgrendeutvalet@imsland.info91 99 26 05
Skjold bygdalagAnette Svendsenskjoldbygdalag@gmail.com93 44 80 79
Vats grendautvalMonica Nesheimvatsgrendalag@gmail.com93 05 94 63
Vikebygd grendautvalGunn Vikingstadpost@vikebygd.no48 89 17 54
Vikedal grendeutvalEspen F. Pedrsenespenfp@hotmail.com
Ølensvåg grendeutvalLeif Thorsenpost@vaagengrendeutval.no
Ølen grendeutvalMagne Christiansenolengrendautval@gmail.com91 67 06 11