Vikebygd

Vikebygd ligg idyllisk til ved Ålfjorden. Sommarstid mest doblar folketalet seg. Mange brukar fritida på sjøen, men det er også populært å gå dei merka turstiane.

Kar på tur til Sætrafjellet i Vikebygd prøver å løfta diger stein. - Klikk for stort biletePå veg til Sætrafjellet kan du prøva deg på å løfta denne steinen. Kåre Skartland

Her finn du Vikebygd på kartet

Bygda har om lag 550 innbyggarar, og vart kjent på slutten av 1980-talet då verneveggen til Ekkofiskplattfoma vart bygd her. Derfor er det gode industriareal her i dag, og gode høve for etablerarar til å slå seg ned.

Nå et det full aktivitet på Dommersnes igjen med ferdigstilling av 11 gigantiske havvindmøller til Equinor sitt prosjekt Hywind Tampen.

Blant dei største bedriftene i bygda finn ein Gangstø Transport, trappefabrikken Ølen Trevare og det topp moderne Trovåg settefiskanlegg, som er eig av Bremnes Seashore. Mange har også jobbar på båt eller plattform, og bygda kan skilta med tre losar som arbeider langs norskekysten.

Plassabakeriet er eit bakerimuseum med alle serveringsrettar, og er ein fin stad å stoppa for eit måltid i helgene om sommaren. Treng du overnatting er Bjordalstunet staden. Joker Vikebygd er både landhandel og sosialt samlingspunkt for lokale og tilreisande.

Bygda har både skule og barnehage.

Vikebygd har to nettsider der du kan orientera deg om Vikebygd og kva bygda har å by på når det gjeld aktivitetar, fritidstilbod, fakta om bygda, oversyn over turløyper, foreiningsarbeid, kulturtilbod, omtale av næringslivsbedrifter, nyheiter og andre aktuelle saker.

Vikebygd.no

Vikebygd,org

Bygdelag og leiarar

Bygdelag og leiarar
Lag Leiar E-post Telefon
Bjoa bygdeutviklingslag Aleksander Bjørnø aleksander.teibjo@gmail.com
Fokus Sandeid Tore Solberg tore.solberg@appex.no
Imsland grendautval Monika Vanvik grendeutvalet@imsland.info 91 99 26 05
Skjold bygdalag Anette Svendsen skjoldbygdalag@gmail.com 93 44 80 79
Vats grendautval Monica Nesheim vatsgrendalag@gmail.com 93 05 94 63
Vikebygd grendautval Gunn Vikingstad post@vikebygd.no 48 89 17 54
Vikedal grendeutval Lars Bryn Rønnevik lars.ronnevik@morenot.com
Ølensvåg grendeutval Monica Berge Fjæra monica.berge@haugnett.no 99 03 70 76
Ølen grendeutval Magne Christiansen olengrendautval@gmail.com 91 67 06 11