Imsland

Imsland er den minste av bygdene i Vindafjord. Folketalet ligg på om lag 310 innbyggarar. Imslandsjøen er eit sjarmerande Skudeneshavn i miniatyr.

 Gamle hus og naust ved stranda i Imslandssjøen. - Klikk for stort bilete Bodil Imsland

Her finn du Imsland på kartet

Imslandsjøen er ei perle, som har noko av den best bevarte eldre trehusarkitekturen på våre kantar. Dei fleste av desse husa vart oppførte i den såkalla «varvartida», det vil seia tida 1870-1890, då det vart bygt seglskip opptil storleiken skonnert og skonnertbrigg fleire stader ved Imslandsjøen. Her ligg også kyrkja.

Skogen har opp gjennom tida spelt ei viktig rolle i Imsland. Også i dag vert det hogge og drive fram tømmer, og det blir produserte juletre.

Bygda har barneskule og barnehage i same bygg. Det er fleire større hyttefelt i bygda. Kommuneplanen opnar også for ein del bygging av nye hytter i denne delen av kommunen.

Imsland har ingen store bedrifter, men i tillegg til primærnæringane finn du mange ulike verksemder som til dømes Fjetland Pallefabrikk, Ølmedal camping, Finnvik Bilteknikk, blikkenslagar Bjblikk og landskjende Fotograf Nordtveit.

Oppdrettsnæringa er representert med landbasert sjøanlegg for påvekst av kveite i Imslandsjøen (Sterling), storutbyggging av smoltanlegget i Vågafossen (Mowi) og matfiskproduksjon av laks ved Lindvik og Herøy

Matkroken Imsland på Kvaløy er både landhandel som er open alle dagar og ein sosial samlingsplass for lokale og tilreisande.

Grendeside for Imsland

Bygdelag og leiarar

Bygdelag og leiarar
Lag Leiar E-post Telefon
Bjoa bygdeutviklingslag Aleksander Bjørnø aleksander.teibjo@gmail.com
Fokus Sandeid Tore Solberg tore.solberg@appex.no
Imsland grendautval Monika Vanvik grendeutvalet@imsland.info 91 99 26 05
Skjold bygdalag Anette Svendsen skjoldbygdalag@gmail.com 93 44 80 79
Vats grendautval Monica Nesheim vatsgrendalag@gmail.com 93 05 94 63
Vikebygd grendautval Gunn Vikingstad post@vikebygd.no 48 89 17 54
Vikedal grendeutval Lars Bryn Rønnevik lars.ronnevik@morenot.com
Ølensvåg grendeutval Monica Berge Fjæra monica.berge@haugnett.no 99 03 70 76
Ølen grendeutval Magne Christiansen olengrendautval@gmail.com 91 67 06 11