Utval for oppvekst og omsorg (OPOM)

Utval for oppvekst og omsorg (OPOM) er eit av kommunen sine faste utval, som skal arbeide med oppgåver av meir varig karakter. Utvalet fungerer som hovudutval for helse- og sosial sektoren.

Utvalet består av 7 representantar, valt av og blant kommunestyret sine medlemmer og varamedlemmer.

Utval for oppvekst og omsorg har delegert mynde frå kommunestyret til å arbeide med sakar som gjeld:

  • Kommunehelsetenesta
  • Smittevern
  • Sosialtenesta
  • Barnevern
  • Næringsmidler
  • Psykisk helsevern
  • Introduksjonsordning og norskopplæring for nytilflytta innvandrarar
  • Opplæring og undervisning i skule og barnehage
  • Kulturskule

Møteplan og medlemmer

Reglement for kommunestyret og politiske utval i Vindafjord kommune (PDF, 2 MB)