Integreringsrådet

Integreringsrådet skal bidra til at Vindafjord blir ein inkluderande og integreringsfremjande kommune, der innbyggarar frå andre land deltek aktivt i dette arbeidet.

Vindafjord kommune er ein kommune som over mange år har tatt imot flyktningar frå mange ulike land, og kommunen har også ei stor arbeidsinnvandring knytt til mange av bedriftene i kommunen. Integreringsrådet i Vindafjord kommune vil leggje til rette for medverknad frå desse gruppene. 

Integreringsrådet skal sikra medverknad i politiske saker frå innvandrarar busett i Vindafjord kommune. Rådet vil vera eit høyringsorgan for kommunen og ein arena for dialog og samarbeid mellom innvandrarar, politikarar og administrasjonen i Vindafjord kommune. Rådet skal bidra med forslag og nytenking for betring av levekår og deltaking i samfunnslivet for innvandrar. Rådet skal inspirera innvandrar i Vindafjord til å delta i den demokratiske prosessen

Integreringsrådet blir valde av kommunestyret. Integreringsrådet skal bestå av 5 medlemmer med 4 varamedlemmer. 3 personar med innvandrarbakgrunn med ulik landbakgrunn og 2 politikarar frå ulike parti.

Kvart kjønn skal vera representert med minst 40%.
Valperioden er 4 år. 

Møteplan og medlemmer

Reglement integreringsrådet (PDF, 622 kB)