Formannskapet

Formannskapet har, på kommunestyret sine vegne, det folkevalde leiaransvaret for forvaltning og tenesteytande verksemd innan områda:

  • Økonomi
  • Kommuneplan
  • Overordna miljøvern
  • Likestillingssaker
  • Organisasjonsutvikling
  • Personalpolitikk
  • Sivil beredskap
  • Næringsutvikling

Formannskapet skal sjå til

  • at oppgåvene innan arbeidsområdet vert løyst på ein effektiv og god måte
  • at løyvde midlar vert nytta i samsvar med budsjettet
  • at det vert etablert tenlege rapporteringsrutinar.

Formannskapet i Vindafjord kommune består av 9 representantar valgt blant kommunestyret sine medlemmar. Ordføraren er leiar av formannskapet.

Møteplan og medlemmer av formannskapet

Reglement for kommunestyret og politiske utval i Vindafjord kommune (PDF, 2 MB)

Reglement for formannskapet (PDF, 345 kB)