Kommunedelplan for naturmangfald og karbonrike areal

Vindafjord kommune har utarbeidd forslag til kommunedelplan for naturmangfald og karbonrike areal. Planen gjeld heile kommunen, inkludert sjøareala, og skal bidra til å ta vare på naturverdiane for noverande og komande generasjonar. Saka kjem opp i ungdomsrådet 19. november og i formannskapet 08. desember. 

Naturmangfald er definert som summen av biologisk mangfald, landskapsmangfald og geologisk mangfald. Ein kommunedelplan for naturmangfald vil kunne fungere som eit kunnskapsgrunnlag og verktøy i kommunen sitt arbeid for å ta vare på naturmangfaldet, både innanfor arealplanlegging etter plan- og bygningslova og anna kommunal planlegging og forvaltning.

Kunnskapsgrunnlag og ny kartlegging viser at kommunen har store naturverdiar, men også kunnskapshol. Naturen er særleg under press frå arealendringar, attgroing og inngrep i vassdrag og karbonrike areal. Innspel frå ein brei medverknadsprosess har vore ein viktig del av grunnlaget for planforslaget.

Planen har fem delmål som mellom anna handlar om å ta vare på naturmangfald og karbonrike areal, styrkje kunnskap og kompetanse, og sikre at naturomsyn blir vurderte i relevante saker. 

  1. Ta vare på naturmangfaldet, samt stanse og reversere tap av artar og naturtypar i kommunen
  2. Ta vare på karbonrike areal og styrke naturen si evne til å motverke og takle klimaendringane. 
  3. Auke kunnskap og kompetanse, samt skape engasjement for naturmangfald i kommunen
  4. Sikre at naturomsyn blir vurdert i alle relevante plan- og arealsaker
  5.  Styrkje kompetansen på naturvenleg drift og forvalte og drifta kommunale grøntareal slik at naturmangfald og karbonrike areal blir tekne vare på.

Handlingsdelen inneheld tiltak som er foreslått prioriterte dei første fire åra. Planforslaget omfattar ei revidert omsynssone for bevaring av naturmiljø. Omsynssona inneber ikkje automatisk vern eller eit generelt byggjeforbod, men har tilhøyrande retningslinjer. Planforslaget innheld også nokre generelle føresegner knytt til viktige naturverdier. Det er usikkerheit til heimelsgrunnlag for nokre av føresegnene. Dette kjem av at det i liten grad er nytta generelle føresegner jf. til dømes plan- og bygningslova § 11- 9 nr. 6. Kommunedirektøren vurderer at det likevel er riktig å leggje fram forslag til føresegner og retningslinjer. Forslaget skal først behandlast i formannskapet og deretter leggjast ut til offentleg høyring i seks veker. 

Saksgang 

Saka kjem opp i ungdomsrådet 19. november. Det er utarbeidd ei samleside for saka (vedlegg 1 eller sjå bilete under), som blir hovudsaksdokumentet til ungdomsrådet. Eventuelle råd som ungdomsrådet vedtek, blir tekne inn i saka til formannskapet. Alle sakspapir og planforslaget blir sende ut saman med sakene til formannskapet 24. november. I møtet den 24. november blir planforslaget presentert og vedtakspunkta frå ungdomsrådet lagde fram. Det blir òg høve til å stille spørsmål til planforslaget. Saka og planforslaget skal behandlast i formannskapet 8. desember.  

Planen på ei side

Planforslaget

Planprogram 

Endeleg planprogram blei vedtatt i formannsskapet (i sak 040/25) 03.05.2025. 

For nærare spørsmål, kontakt Anne Sofie Sandvik på tlf. 93 64 60 43 eller e-post anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no