Vindafjord kommune har starta arbeidet med å utarbeide kommunedelplan for naturmangfald og karbonrike areal, og varslar med dette at arbeidet med kommunedelplanen startar opp og at forslaget til planprogram blir lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og
bygningslova §§4-1, 11-12 og 11-13.
Kommunedelplan for naturmangfald og karbonrike areal skal ha som mål å fungere som eit kunnskapsgrunnlag og verktøy for berekraftig forvaltning av kommunen sine naturverdiar. Kommunen vil:
- Auke kunnskapen om naturmangfald i kommunen – Kva naturverdiar har me, kor finst dei, og korleis kan me ta vare på dei?
- Gje naturmangfald ei stemme i arealforvaltninga
- Gjere det enklare og meir føreseieleg for forvaltning, politikk, næring og innbyggarar
Planprogrammet er oppskrifta på korleis arbeidet med kommunedelplanen skal gjennomførast, og skildrar føremålet med planarbeidet, utfordringar og tema for planarbeidet, medverknad og framdrift.
Høyringsfrist var 22.04.2025. Det kom inn 8 merknadar.
Forslag til planprogram finn du her: Kommunedelplan 2026-2038
Direktelink til
06.05.2025 arrangerte me medverknadsmøte med interesseorganisasjonar og andre med lokal kompetanse. Møta hadde fokus på korleis kunnskapsgrunnlaget kunne bli betre og hadde dialog om innspel til planarbeidet med målsettingar og tiltaksplan.
Dersom det er fleire som kan tenke seg å vere med i planarbeidet, så ta kontakt.
Framdriftsplan for arbeidet vidare viser i bilete under
FramdriftsplanFor nærare spørsmål, kontakt Anne Sofie Sandvik på tlf. 93 64 60 43 eller e-post anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no