Reguleringsplan for framtidas nærbutikk i Vikebygd

På denne sida kan du lese om pågåande planarbeid for framtidas nærbutikk i Vikebygd.

Føremålet med planen er å sjå på om nærbutikken i samarbeid med kommunen kan realisere ein ny butikk
med aldersvennlege leilegheiter og ein utvida «base» i butikken som både skal tilby tenester og ein møteplass.

Kommunen utarbeidar reguleringsplanen i samarbeid med butikksjef for Joker Vikebygd. I forkant av oppstart og varsling er det gjennomført dialog og møte med Rogaland fylkeskommune angåande fylkesvegen og synfaring og møte med barnehage- og skule. 

Nå er varslingsfristen gått ut og det arbeidast med planforslag, detlajprosjektering av bygningar og vurderingar knytt til finansiering.  Når planforslaget er ferdig blir det tatt opp til behandling i formannskapet. Etter 1. gangs behandling vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komme med uttalar/merknadar til planforslaget, før endeleg behandling av planen.

Sjå aktuelle dokument under:

Eigedommen er ikkje regulert frå før. I gjeldande kommuneplan er tomta sett av til offentleg/privat tenesteyting. I forslag til ny arealdel for kommuneplanen er tomta sett av til kombinert byggje- og anleggsformål og opnar opp for både bustad og butikk på tomta. Planinitiativet utgreier kvifor Vindafjord kommune har vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav til konsekvensutgreiing (KU).  

Hovudeigedommane i planområdet er 328/41 og 83. Planområdet dekker også fylkesvegen for å sikre tilkomst direkte frå fylkesvegen. Størsteparten av tomta til dagens barnehage og skule med tilkomst i nord er med i planområdet. Her er også tilkomst frå fylkesveg i nord tatt med. Planområdet er ca 55 daa.

Plangrense