Vedtatt planprogram
Planprogram med konsekvensutgreiing for områdeplan for Skjold blei vedtatt i formannskapet (FS- 016/26) tysdag den 24.03.2026.
Her kan du lese vedtatt planprogram. Me har og laga ei kort versjon av planprogrammet.
Plandokument
Informasjon om status i planprosessen og gjennomføring av «kvardagsreisen» i Skjold den 19. mai
Arbeidet med ein områdeplan er ein prosess som går over tid og det tek lang tid før planlagde tiltak faktisk blir bygd ut. Planprosessar for større område tar ofte 4-7 år før dei blir vedtekne.
Det er mange måtar å drive involvering og medverknad på i ein planprosess. Det er også ønskjeleg å kunne teste ut skisser til løysingar eller ulike forslag til løysingar før det blir lagt fram endelege forslag.
Trafikksikring og gode forhold for mjuke trafikantar er eit viktig plantema. Dette er også forhold det er mange meiningar om i Skjold. Sidan kommunen har hatt barnetråkkregistreringar ved skulen i haust var det ønskjeleg å sjå om me kunne bruke resultata frå desse på å få betre innsikt og teste ut løysingar knytt til betring av forholda for mjuke trafikantar.
Me ønskte å sjå på kor elevane går og sjå om me kan teste ut mindre fysiske tiltak for å sjå om det betrar situasjonen. Me ønskte i første omgang sjå på trasen frå skulen via Vikaneset til Skjoldavik og tiltak i Skjoldavik.
Den 19. mai hadde kommunen avtale med skulen og 7 elevar blei med på ruta som me hadde avtalt å gå.
I forkant av dette hadde kommunen sendt ut informasjon til Skjold bygdelag. I tillegg til å gå på kommunal veg ønskte me å sjå på ulike løysingar for ny turveg og måtte då gå over private eigedommar. Dei blei forspurt og fekk også informasjon om opplegget.
Me skulle gjennomføre noko som kallast «kvardagsreisa». Les meir om informasjonen som blei gitt ut på forhånd og metoden for denne lenger ned på sida.
Kva gjorde me:
Me testa ut barnetråkkregistreringar for å sjå på mogleg trase for ny turveg: Me brukte registreringane som var gjort på barnetråkk og delte gruppa opp i tre. Då kunne me gå tre av strekningane som var markerte. Nokre av strekningane gjekk tett på tunet til fleire bustadar og også i ganske bratt terreng. I stranda hadde me avklart med eigarane at me fekk lov til å gå over eigedommane. Det blei ikkje gjort fysiske markeringar i terrenget. Alle aktuelle eigedommar vil bli kontakta før me vurderer moglege trasear for turveg. Det er førebels berre veg og fortau ned til båthamna som har etablerte og anbefalte ruter nå.
- Me testa ut barnetråkkregistreringar for å sjå på mogleg trase for ny turveg: Me brukte registreringane som var gjort på barnetråkk og delte gruppa opp i tre. Då kunne me gå tre av strekningane som var markerte. Nokre av strekningane gjekk tett på tunet til fleire bustadar og også i ganske bratt terreng. I stranda hadde me avklart med eigarane at me fekk lov til å gå over eigedommane. Det blei ikkje gjort fysiske markeringar i terrenget. Alle aktuelle eigedommar vil bli kontakta før me vurderer moglege trasear for turveg. Det er førebels berre veg og fortau ned til båthamna som har etablerte og anbefalte ruter nå.
- Me gjekk strekninga frå undergangen på europavegen i Skjoldavikvegen og heilt til Kiwi for å sjå på om det var moglege tiltak som kunne betre vilkåra for gåande og syklande. I Skjoldavik brukte me mest tid på strekninga mellom undergangen og bort til Spenst. På denne strekninga var det mange som gjekk, løp, køyrte sparkesyklar og køyrte bil mens me var der. (Både frå erfaringar og trafikktellingar var me kjent med denne bruken). Det stod også fleire bilar parkert i gata. Her er det mange ulike meiningar om riktige trafikksikringstiltak. Det er også mange ulike faglege løysingar på kva som er riktig å gjere. Me fekk vite kor elevane pleide å gå og kor dei ønskte å gå. I områdeplanen er målet å få til ei varig, god og trygg løysing. Me har fått teikna ut forslag til løysing, men er ikkje sikre på om desse er gode. Ved å få innspel frå elevane, vurdere situasjonen slik den var på plassen og dei skisserte forslaga, malte/markerte me nokre linjer i vegen. Dette var meint som ein test/eit forslag til løysing. Kommunen ønskte så og måle effektane av dette over noko tid og ta imot tilbakemeldingar på løysingane. Undervegs i testperioden vil man kunne justere og endre forslaget.
- Etter at elevane drog tilbake på skulen, møtte kommunen fleire innbyggarar og leiar i Skjold bygdelag. Det blei gitt ein kort orientering og kommunen svarte på spørsmål.
Kommunen har med denne markeringa ikkje gjort vedtak om fortau, fotgjengarovergangar eller parkering. Kommunen ønskte å ta barn og unge med på råd, gi dei ei stemme og forsøke å ivareta deira interesser når dei skal frå skule, via båthamna, gjennom Skjoldavik og til Isvik. Markering i gata var først og fremst eit forsøk på å gi dei mjuke trafikantane ein tryggare stad å ferdast.
I etterkant av denne dagen har kommunen mottatt kraftige reaksjonar langs mesteparten av strekninga. Dette både i form av at det har vært ein dårleg prosess, det er kommunisert dårleg ut til både foreldre, innbyggarar og bygdelag og det er mange spørsmål til det som er markert i gata. Dei fleste har sagt at dette er dårlege løysingar. Mange trur at kommunen har gjort vedtak med denne markeringa og er særs uenig i dette.
Medan me gjekk turen frå skulen til Isvik, blei elevane spurt om kor dei pleide å gå, kor dei ønskte å gå og om dei også hadde forslag til andre alternative trasear. Når me gjekk gjennom gata i Skjoldavik, gav dei uttrykk for at dei gjekk kor som helst, og flytta seg når det kom bilar. Me opplevde kommunikasjonen med elevane som nyttig, då me blei betre kjent med deira vanar og kva målpunkt dei har for sin ferdsel i sentrum.
Det var i utgangspunktet tenkt at markeringa skulle stå til over sommarferien saman med blomekassar (når dei er ferdig bygd) for å måle effekten av markeringa. Kommunen har forstått at denne markeringa har skapt sterke reaksjonar frå mange og det blir ikkje opplevd som ei meir trafikksikker løysing. Kommunen vil i første omgang fjerne oppmerkinga som er gjort. Dette vil bli gjort så snart me finn ei effektiv løysing å gjere det på.
Me ønskjer framleis å teste ut elevane sine ønskjer. Elevane ville helst gå på høgre side nedover vegen, og me ønskjer derfor på nytt å markere opp gjennomgåande ”gangfelt” på denne sida heilt frå undergangen til europavegen og til fortauet ved Karineset. Me vil sende ut ei slik løysing i forkant.
Kommunen ønskjer at elevane si medverknad skal bli prøvd ut. Og at det er vår intensjon å finne gode løysingar for alle.
Info som blei sendt ut i forkant
Det er i fleire omgangar sett på moglege trafikksikringstiltak i Skjoldavikvegen. Kommunen har bedt om ei ny vurdering av tiltak og konsulenten vil om kort tid levere eit revidert forslag.
For mjuke trafikantar er det særleg viktig å leggje vekt på barn og unge sine opplevingar og behov. Kvardagsreisene deira skjer ofte til fots eller på sykkel, og dei rører seg mykje i området både til og frå skule og fritidsaktivitetar.
Kommunen ønskjer ei stegvis tilnærming i arbeidet med mjuke trafikantar, der me testar ut løysingar basert på barnetråkkregistreringar og analysen «kvardagsreisen».
Den 19. mai går kommunen traseen frå skulen via Vikaneset til Skjoldavik saman med fire elevar som deltok i barnetråkk. På strekninga frå skulen via Vikaneset til Skjoldavik vil me høyre kva trasear elevane meiner fungerer best. I Skjoldavikvegen vil me presentere konsulentforslaga og få innspel til kva løysingar som bør testast ut.
Før kommunen legg fram forslag til løysingar gjennom ordinær medverknad, ønskjer me derfor å ta i bruk metoden «kvardagsreisen» for å teste ut kva som fungerer gjennom enkle, fysiske tiltak. Det er dei unge sine løysingar me vil teste ut i denne metoden.
Når det gjeld turvegen, vil me i etterkant gå i dialog med grunneigarane om moglege testløysingar. På den kommunale vegen vil tiltak bli prøvde i praksis, mellom anna gjennom merking i gata og eventuell bruk av blomekassar. I tida etterpå vil me måle effektar før me eventuelt går vidare med varige tiltak.
Grunneigarar og bygdelaget er velkomne til å møte kommunen etter at me har gått ruta med elevane. Me vil vere tilgjengeleg i Skjoldavikvegen for dei som eventuelt ønskjer det frå ca kl 1130.
Kartet viser barnetråkkregistreringa i gråbrunt og raudbrunt og planlagt på trase som me vil gå 19. mai i grønt.

Kva er «kvardagsreisen»?
Kvardagsreisen viser til alt ein person gjer i løpet av ein vanleg dag – frå ein går ut døra om morgonen til ein kjem heim att om kvelden. Det handlar om korleis folk beveger seg, kva val dei tek undervegs, og korleis dei opplever omgjevnadene sine i kvardagen.
Målet er å utvikle stader som fremjar betre folkehelse og mindre sosial isolasjon.
Metoden er ein brukarorientert innovasjonsprosess som kombinerer innsikt, analyse og testing av tiltak i fysiske omgjevnader.
1. Hente innsikt
- Metodar: intervju, observasjon og «walk and talk»
- Målet er å avdekke behov, barrierar og drivkrefter i kvardagen
2. Analysere og forstå
- Innsikta blir strukturert og analysert
- Ein lagar t.d. «personas» og kartlegg brukarreiser
- Resultatet er å identifisere problem og moglegheitsrom for løysingar
3. Utvikle og prototype løysingar
- Løysingane er gjerne små fysiske tiltak (såkalla «dult»/nudges)
4. Teste og justere (iterere)
- Tiltaka blir prøvde ut i verkelege omgjevnader
- Ein måler effekt på åtferd og justerer undervegs
- Målet er å lære raskt kva som fungerer før ein investerer stort
Førebels forslag til framdriftsplan og fram av bilete under.
Forslag til framdriftsplanAnsvarleg for utarbeiding av områdeplanen er Anne Sofie Sandvik. Ta gjerne kontakt for spørsmål eller innspel:
e-post: anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no
eller telefon: 93 64 60 43