Framdrift og status for større arealplanar, vindkraftanlegg og andre saker etter energilova

Ein planprosess tar tid og det kan vere litt utfordrande å halde oversikt over status og framdrift for desse prosessane. På denne sida kan de følgje desse prosessane og sjå kva som til ein kvar tid er status på arbeidet. Det vil også vere direkte linkar til meir informasjon om kvar plan i oversikta.  Denne sida er under arbeid.

Oversikta over framdrift og status finn du her (PDF, 121 kB)

I Vindafjord er det mykje som skjer innan næringsutvikling og arealforvaltning. Akkurat nå er det planar for store hamneanlegg til havvindindustrien i begge fjordbassenga i kommunen, det er vindkraftinitiativ i Skjold, det ligg føre planar om biogassanlegg i Ølen og Statnett planlegg nye kraftlinjer mellom Sauda og Gismarvik. Desse sakene kjem i tillegg til andre større planprosessar. 

Oversikta er delt opp i kommunale planar (planar som kommunen utarbeidar sjølv), større private planar, samferdselsplanar og andre store sakar/planar.  

Behandling av dei ulike sakene

Vindkraftanlegg
Dei aller fleste planane i denne oversikta behandlast etter plan- og bygningslova. Vindkraftanlegg behandlast både etter plan- og bygningslova og konsesjonsbehandling etter energilova. Sjå her for meir informasjon. Vindafjord kommune har mottatt eit planinitiativ for Slettene vindkraftanlegg i Skjold. Informasjon om planinitiativet og planprosessen finn du i oversikta.

Kraftleidningar
NVE har mynde til å gjere konsesjonsvedtak etter energilova. I desse sakene får kommunen først ei melding av NVE for å gjere kommunen kjent med planar om tiltaket. Kommunen kjem med ein uttale til melding i forkant av utarbeiding av ein konsesjonssøknad. Når konsesjonssøknaden er ferdig kjem den på nytt på høyring til kommunen. NVE har mottatt ei melding frå Statnett om to nye 420 kV-leidningar mellom Sauda og Gismarvik transformatorstasjonar som skal erstatte dei to eksisterande 300 kV-leidningane. Meldinga har vore til uttale i kommunen, sjå oversikta. 
Til informasjon blei det blei gitt konsesjon for ny 420 kV leidning mellom Blåfalli stasjon og ny Gismarvik stasjon hausten 2023. Dette konsesjonsvedtaket inneber også etablering av ny Gismarvik stasjon og at eksisterande 300 kV-leidningar Sauda – Kårstø/Håvik blir lagt inn til og via Gismarvik transformatorstasjon. Meldte tiltak om dei to nye 420 kV- leidningane blir derfor meldt med endestopp Gismarvik.

Arealplanar
Kommunen har mynde til å gjere planvedtak etter plan- og bygningslova. Ein planprosess etter plan og bygningslova består av tre steg som er nærare forklart nedanfor. Denne prosessen er lik for plan- og bygningslovbehandlinga av eit vindkraftanlegg. 

Først ein kort forklaring av dei ulike plandokumenta

Planinitiativ: Blir sendt ut saman med oppstartsvarsel. Det blir ikkje vedteke av kommunen, men dersom kommunen ikkje stoppar det i oppstartsmøtet, kan initiativet arbeidast vidare med i ein planprosess.
Innhald: Eit planinitiativ skal i hovudsak innehalde føremål med planen, relevante føringar, skildring av planområdet, vurdering av verknader og interesser som blir berørte, samt behov for medverknad og konsekvensutgreiingar.

Planprogram (i vindkraftsaker kalla plan- og utgreiingsprogram (PU): Er ei «oppskrift» for korleis planarbeidet skal gjennomførast.  Planprogram er berre eit krav i større plansaker. Når det er fastsett, legg det rammene for utarbeiding av planforslaget.
Innhald: Eit planprogram skal gjere greie for føremål, mål og rammer for planarbeidet, skildre planområdet og utfordringane, fastsetje kva utgreiingar som skal gjennomførast, vise korleis planprosessen skal organiserast, og leggje opp til medverknad og framdrift i tråd med plan- og bygningslova.
Merk: Verken planinitiativ eller planprogram endrar arealformåla i kartet.


Planforslag: Skal opp til behandling i formannskapet. Dei kan vedta å sende planforslaget på høyring, men høyringsinnspel og eventuelle motsegner kan endre planforslaget. Sjå innhald i eit planforslag under steg 2 under.

Endeleg planvedtak: Etter høyring og avklarte motsegner skal formannskapet og kommunestyret ta stilling til om området skal regulerast i samsvar med planforslaget. Dei kan vedta planen (med alle plandokument) eller avslå han. 
Planvedtaket kan påklagast.

I denne prosessen er det minst to opne høyringar og tre politiske behandlingar hjå dei folkevalde i kommunen. I alle desse behandlingane kan prosessen stoppast.
 



Steg 1

 

Steg 2

 

Steg 3