Habilitet

Inhabilitet eller ugildhet vil seia at det føreligg omstendigheter som gir grunn til å svekka tilliten til at ein saksbehandlar eller myndighetsperson er upartisk. Viss slike omstendigheter ikkje føreligg er saksbehandlaren habil. Det er saksbehandlaren sjølv som tek stilling til om det føreligg inhabilitet.

Den som etter Kommunelova § 11-10, etter Forvaltningslova sine reglar om inhabilitet, er inhabil i ei sak deltar ikkje i behandlinga av vedkommande sak. Det same gjeld den som etter Kommunelova § 11-11 blir fritatt. 
Dersom saksbehandlinga skjer i lukka møte, må den inhabile forlate lokalet. Dersom saksbehandlinga skjer i ope møte held det at den inhabile går vekk frå plassen sin. 
Politiske representantar pliktar sjølv i god tid før møte å melde frå om det er forhold som gjer, eller kan gjere, vedkommande inhabil. Melding om dette gis til ordførar og politisk sekretariat så snart som råd. Ordførar og politisk sekretariat avklarar med gruppeleiar, i kvart enkelt tilfelle, innkalling av varamedlem. I saker med brei politisk semje og som ikkje skal avgjerast i vedkommande utval, kan ein ved antatt inhabilitet vurdere å utelate innkalling av varamedlem. 

Når møteleiar tek saka til behandling skal representanten be om å få ordet for å gjere greie for si tilknyting til saka og be om å få vurdert sin inhabilitet. Møteleiar legg deretter fram si tilråding for organet. Organet vedtek, utan at vedkommande deltek, om representanten er inhabil. Vedtak og grunngjeving for inhabilitet skal protokollførast i saka.

Vegvisaren under seier noko om når du som folkevald vert rekna som inhabil etter forvaltningslova kap. 2 og kommunelova § 11-10

 

Fritak av personlege årsaker

Etter kommunelova § 11-11 kan ein folkevald søkje om fritak frå behandling av ei sak dersom personlege årsaker tilseier fritak i ei enkeltsak. Det folkevalde organet avgjer om vedkomande skal få fritak, og slike førespurnadar vert behandla på same måte som habilitetsspørsmål.

Veiledar om habilitet frå Kommunal- og distriktsdepartemenet (PDF, 822 kB)

Forvaltningslova kap. 2 § 6

Kommunelova § 11-10