Seksjonering

​​​

  • Kommunen kan gi løyve til å oppretta eigarseksjonar etter eigarseksjonslova.
  • Ein eigarseksjon vil vera ei eiga juridisk eining som kan selgast og pantsettast.
  • Bygningar som skal seksjonerast, må vera bygd eller ha rammeløyve.
  • Reseksjonering er endring av seksjonerte eigendommar.

Slik søker du

  • Søknadsskjema om seksjonering (sjå under) skal sendast til kommunen i tre eksemplar. Kvart eksemplar skal ha originale underskrifter. Dette må leverast eller sendast inn i papirform.
  • Skjema må vera signert av heimelshavar til eiendommen. Firmaattest må leggast fram der heimelshavar er eit firma. 
  • Situasjonskart som viser korleis eiendommen skal seksjonerast. Parkering, fellesareal og eventuelt særeige til kvar seksjon, må vera avmerka på kartutsnittet.
  • I tillegg skal eigedomsgrenser markerast med farge og gards- og bruksnummer skrivast på kartet. 
  • I tilfeller der ikkje alt uteareal skal være fellesområde, må du teikna inn på kartet kva område som skal høyra til kvar seksjon, skriv TG (tilleggsareal grunn) og seksjonsnummer. 
  • Du må ha oppmålingsforretning over særskilt eigarområde for kvar seksjon. Særskilt eigarområde kan for eksempel vera at kvar seksjon skal eiga eigen parkering eller eige hageområde. Dette vil medføra ekstra kostnad.
  • Teikningar skal visa alle plan og fasadar, med tydeleg markering for kvar seksjon. Det kan med fordel brukast eigen farge på kvart seksjonsnummer. Alle teikningane skal levereast i tre eksemplar.
  • Vedtekter for sameiget må leggast ved i eitt eksemplar. Kommunen er forplikta til å passa på at sameiget har vedtekter.
  • Kartutsnitt kan du ta ut på Fonnakart.

Søknad om seksjonering 

Send søknaden til

Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Vedtak, matrikkelføring og matrikkelbrev

  • Søknaden blir behandla av kommunen.
  • Det blir fatta vedtak om seksjonering med heimel i eigarseksjoneringslova. Søkar får skriftleg tilbakemelding når søknaden er godkjent. Dersom søknaden har manglar, blir søkar varsla.
  • Når seksjoneringa er ført i matrikkelen, vil kommunen senda dokumentene til tinglysing.
  • Tinglyste papir og matrikkelbrev blir sendt til rekvirent.

Kva kostar det?

Sjå gjeldande prisar i Vindafjord kommune si gebyrliste.

Lovverk

  • Forskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering
  • Utdypende informasjon om seksjonering

Reseksjonering

Framgangsmåten for reseksjonering er den same som ved seksjonering. Det skal brukast eige skjema.

Søknad om reseksjonering

  • Søknad om reseksjonering må sendast i papirutgåve i tre eksemplar til kommunen. Ein må legga ved situasjonskart og plan- og fasadeteikingar som viser endringane.
  • Ein seksjon kan delast i to eller fleire seksjonar. Dette kan heimelshavarar til seksjonen søka om.
  • To eller flere seksjoner kan på samme måte slås saman til ein eller flere seksjonar.
  • Ved reseksjonering der oppdeling føre til oppretting av nye fellesarealer, må styret i sameiget senda inn skriftleg samtykke til dette.
  • Medfører oppdelingen oppretteling av nye seksjoner og dermed auking i det samla tall stemmer i sameiget, må styret halda møte i sameiget. Styret kan deretter eventuelt gi godkjenning før søknad sendest til kommunen.
  • Skal formålet endrast frå bustad til næring (eller omvendt), må heimelshavar innhenta godkjenning fra sameiget før innsending av søknad om reseksjonering.
  • Dei som har tinglyst pant i seksjonene, må gi skriftleg samtykka til reseksjonering.

Oppheving av seksjonering

  • Eigarane av seksjonene kan skriftleg be om oppheving av seksjonane.
  • Alle eventulle panthavarar må signera på samtykke i oppheving av seksjoneringa.

Lovverk

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Venke Helgesen
Venke Helgesen
Ingeniør
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
Telefon 90 85 82 13
Profilbilde av Marianne Stople Rørtveit
Marianne Stople Rørtveit
Ingeniør
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
Telefon 90 80 92 26
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
Telefon 97 54 01 80