Situasjonskart

Situasjonskart inneheld opplysingar om eigedommen sine grenser, areal, høgdekvoter og gards- og bruksnummer.

🔍 Kva slags teikningar treng du i ein byggesøknad? 

Når du skal sende inn ein byggesøknad til kommunen, må du legge ved nødvendige teikningar som viser kva du planlegg å byggje. Dette gjeld både for små og store tiltak – frå tilbygg og garasje, til nye bustadar eller endringar på eksisterande bygg. 

Teikningane skal gi kommunen eit godt grunnlag for å vurdere om tiltaket er i tråd med lovverk og plan. 

 

📌 Desse teikningane skal normalt vere med 

Type teikning 

Forklaring 

Situasjonsplan 

Viser plassering av bygget på eigedomen i målestokk. Skal vere basert på offentleg kartgrunnlag. 

Planteikning(ar) 

Viser innvendig planløysing (rominndeling) for kvar etasje. 

Fasade­teikningar 

Viser korleis bygget ser ut utanfrå frå alle sider (fasadar). 

Snitteikning 

Viser bygget i "gjennomskore" visning – høgder, etasjehøgder, takform m.m. 

Uteopphald / parkering 

Viser tilgjengelege uteområde og parkeringsløysingar. 

NB! Alle teikningane skal vere målsette, tydelege og i målestokk. 

🧱 Andre teikningar som kan vere nødvendige 

Avhengig av kva du skal byggje, kan det vere aktuelt å legge ved fleire teikningar eller dokument: 

Terrengprofil – viss du gjer større inngrep i terrenget eller set opp støttemurar. 

Målsatt teikning av mur eller trapp – for vurdering av høgder og avstandar. 

Sol- og skuggeteikningar – for å vise konsekvensar for naboar. 

Tegning av ny/endra avkjørsel – viss du skal køyre ut mot veg. 

📄 Kva skal vise i teikningane: 

Situasjonsplan 

Gardsnummer/bruksnummer på eigedommen og ramma nabo- og tverrbuareigedommar for tiltaket 

Nytt bygg, tilbygg, garasje, mur, terrasse eller anna tiltak 

Mål på tiltaket (lengde og breidde) 

Adkomst/avkjøring 

Parkeringsplass og opphaldsareal ute 

Avstand til nabogrense 

Avstand til midten av veg 

Avstand til andre bygningar 

Evt avstand til sjø og elv 

Avstand til lågspent eller høgspent 

Avstand til Va ledninger 

Planteikning 

Gardsnummer/bruksnummer på eigedommen 

Tegningene skal påføres riktig etasjebetegnelse (for eksempel kjeller, 1. etasje) 

Med piler hvilken del av bygget snitt-tegningen viser 

Rominndeling - med angivelse av hva alle rommene skal brukes til (for eksempel bad, soverom, stue) 

Hva som er separate bruksenheter / boenheter dersom bygget har flere bruksenheter / boenheter. 

Når tiltaket omfattar innvendige endringar i eksisterande bygg, skal du levera inn planteikning av heile etasjen der endringane skal skje. Marker tydeleg kva som er endringane. 

Søkjar du om tilbygg/påbygg skal planteikning visa heile etasjen, både eksisterande areal og tilbygg/påbygg. Marker tydeleg kva som er tilbygg/påbygg. 

Fasadeteikning 

Heile bygget, ei teikning av kvar fasade, påført kva himmelretning fasaden vender seg mot (nord, sør, aust, vest). 

Eksteriørkarakteren til bygget / arkitektoniske utsjånad, og materialval. 

Terrenglinjer som viser eksisterande og framtidig planert terreng. Terrenglinjene skal ha *høydeangivelseetter kotene (meter over havet) på situasjonskartet og visast fram til skjeringspunktet mellom eksisterande og framtidig planert terreng. Teikn eksisterande terreng med stipla strek og teikn det framtidige med heiltrekt strek. Der tiltaket eller terrengendringar ligg nær eigedomsgrensa skal du også visa eigedomsgrensa. 

Ved tilbygg og påbygg skal du senda inn teikningar av alle fasadar synleg. 

Snitt-teikning 

Innvendige høgder; fri høgd i kvar etasje. Måla blir påført teikninga. 

Utvendige høgder; møne- og gesimshøgd, gjennomsnittshøgd ferdig planert terreng.  

Høgdeplasseringa av bygget i meter over havet (kotehøgde).  

Terrenglinjer, på same måte som beskrive for fasadeteikningane. 

Yttervegger og tak med rett tykkkelse. Takvinkel med angitt grad. 

Terrengprofilteikning: 

Av og til blir ikkje vist høgdeplasseringa av tiltaket i forhold til omkringliggjande busetnad, naboeigedom, veg og liknande godt nok på fasade- eller snitt-teikninga. I slike tilfelle kan det vera at du må visa dette på ei eiga terrengprofilteikning. Av og til er det også ønskjeleg at du viser høgd for eventuell tilkøyringsveg på denne. 

Perspektiv teikning: 

Perspektivteikningane kan ikkje erstatta planteikningane eller fasadeteikningane, men kan i nokre saker vera eit godt supplement for å illustrera korleis det som skal byggjast vil bli sjåande ut. 

🧰 Kven må lage teikningane? 

For dei fleste søknadspliktige tiltak anbefaler vi å bruke arkitekt eller anna fagperson 

Dersom du skal søkje på eiga hand (t.d. ved mindre tilbygg), kan du lage teikningane sjølv, men dei må likevel vere tydelege, korrekte og i målestokk. 

💡 Tips til deg som skal søkje sjølv 

Bruk ein målestokk som viser rette forhold (f.eks. 1:100). 

Teikn tydeleg inn avstand til nabogrense, veg og annan bebyggelse. Sett på mål. 

Bruk gjerne digitale verktøy eller ruteark for å teikne korrekt. 

Du kan bestille situasjonskart frå kommunen sin kart teneste som grunnlag. HER 

👩‍💼 Treng du hjelp? 

Dersom du er usikker på kva teikningar du treng eller korleis dei skal lagast, anbefaler vi å: 

Kontakte ein arkitekt eller byggesaksrådgivar 

Sjå eksempel på teikningar på Steg 4: Tegne og plassere byggverket - Direktoratet for byggkvalitet