Ferdigattest eller bruksløyve

Eit søknadspliktig tiltak må avsluttast med ein ferdigattest. Bygg unntatt søknadsplikt må meldast til kommunen når det er ferdig.

Når eit byggjetiltak er ferdig, skal det avsluttast med ein ferdigattest. 

Gjenstår noko arbeid kan det søkjast om mellombels bruksløyve. 

🔍 Har byggesaka ferdigattest? 

Dersom søknaden din allereie har fått ferdigattest, kan du finne denne i Saksinnsyn.(link) 

📄 Kva er ein ferdigattest? 

Ein ferdigattest markerer at byggesaka er formelt avslutta. Den viser at tiltaket er gjennomført i samsvar med løyvet og regelverket. 

✍️ Slik søker du om ferdigattest 

🔹 Du kan søkje sjølv (utan fagfolk) 

Dersom du har sendt inn byggesøknaden på eiga hand (utan ansvarleg søker), kan du også sende inn søknad om ferdigattest sjølv. Det er då du som tiltakshavar som må sende inn søknaden. 

👉 Bruk skjemaet frå Direktoratet for byggkvalitet: 
Søknad om ferdigattest – dibk.no 

🛠 Skjemaet sendast til: 
📧 postmottak@vindafjord.kommune.no 

🔹 Fagfolk må søkje 

Dersom byggesaka har vore ansvarsbelagt (med ansvarleg søker), skal søknad om ferdigattest sendast inn av det ansvarlege foretaket. 

📌 Dersom det opphavlege foretaket ikkje lenger er tilgjengeleg, må du engasjere eit nytt føretak som kan overta som ansvarleg søker. 

🕒 Behandlingstid 

Søknad om ferdigattest blir behandla innan 3 veker 

💰 Gebyr 

Ferdigattest er inkludert i løyve gitt etter 31.12.2023 

For eldre løyve (før 31.12.2023), Sjå gebyrreglande her

📌 Tiltakshavar får gebyret, sjølv om eigedomen har skifta eigar. 

❌ Når treng du ikkje ferdigattest? 

Tiltak unntatt søknadsplikt skal ikkje ha ferdigattest 

Vi behandlar ikkje ferdigattest for slike tiltak, og godkjenner heller ikkje teikningar 

📍 Dersom du har sett opp eit tilbygg eller ei frittliggjande bygning som er unntatt søknadsplikt, må du likevel melde frå til kommunen slik at vi kan oppdatere kart og eigedomsregisteret. 

📝 Bruk skjema og send til:  
📧 postmottak@vindafjord.kommune.no 

 

🏗 Søknad om mellombels bruksløyve 

Dersom det berre gjenstår mindre, ikkje-vesentlege arbeid, kan du søkje om mellombels bruksløyve. Då kan du ta bygget i bruk før ferdigattesten er gitt. 

📝 Last ned: 

Søknad om ferdigattest (PDF) 

Søknad om mellombels bruksløyve (PDF) 

📧 Send ferdig utfylt skjema til: postmottak@vindafjord.kommune.no