I utgangspunktet skal alle tiltak vere i samsvar med reguleringsplan, kommuneplanens arealdel, områdeplan og andre føresegner. Dersom tiltaket ditt ikkje er i tråd med desse, må du søkje om dispensasjon frå gjeldande plan.
🧾 Kva er ein dispensasjon?
Ein dispensasjon betyr at du får unntak frå reglane som gjeld i ein plan, lov eller forskrift. For at kommunen skal kunne gi dispensasjon, må to vilkår vere oppfylte:
Hensynet bak regelen du søker unntak frå, må ikkje bli vesentleg svekka.
Fordelane ved å gi dispensasjon må vere klart større enn ulempene.
🧍 Kven kan søkje?
Du som privatperson, tiltakshavar
Ansvarleg søkar
📌 Døme på når treng du dispensasjon?
Døme på når du må søkje om dispensasjon, dersom tiltaket ditt ikkje følgjer:
Byggegrense mot veg, sjø eller vassdrag
Utnyttingsgrad (BYA/BRA)
Høgd, etasjetal eller takform
Planføremål (t.d. dersom du ønskjer bustad på areal sett av til næring eller landbruk)
Avvik frå regulerte omsynssoner, fargar, taktekking eller verneverdige bygg
🛑 Døme på når får du ikkje dispensasjon?
Kommunen kan ikkje gi dispensasjon dersom:
Hensynet bak regelen det søkjast om dispensasjon frå, blir vesentleg sett til side
Tiltaket er i strid med nasjonale eller viktige regionale interesser
Døme: Dispensasjon frå byggegrense mot sjø i LNF-område eller innanfor 100-metersbeltet kan bli avslått dersom det er i strid med strandsona si verdi som friluftsområde eller naturmiljø.
⚖️ Kva legg kommunen vekt på i vurderinga?
Kommunen skal vurdere:
Om det ligg føre særlege grunnar
Ei samla vurdering av fordelar og ulemper
Naboar og andre sine interesser
Om tiltaket vil skape presedens for liknande saker
Om tiltaket påverkar miljø, landskap, trafikk eller kulturminne
📝 Kva må du sende inn?
Ein dispensasjonssøknad må innehalde:
Kva det vert søkt dispensasjon frå
Grunngjeving for kvifor du meiner det ligg føre særlege grunnar
Teikningar og kart som viser avviket
Naboliste og eventuelt nabovarsel
Vurdering av konsekvensar
Dersom tiltaket krev både dispensasjon og byggesøknad, kan dette sendast samtidig.
⏱️ Saksbehandlingstid
Kommunen har ei fristsats på 12 veker for å behandle søknader om dispensasjon.
Dersom søknaden manglar dokumentasjon eller opplysningar, kan behandlingstida bli stansa fram til fullstendig søknad ligg føre. Det er derfor viktig at søknaden er så komplett som mogleg ved innsending.
Tida reknast ikkje når saka ligg til uttale hos andre instansar, til dømes:
Statsforvaltaren
Fylkeskommunen
Vegvesenet
Kulturminnemyndigheitene
Andre relevante sektorstyresmakter
For å unngå forseinkingar anbefaler vi å avklare mogelege utfordringar tidleg, og sørgje for å leggje ved all relevant informasjon og dokumentasjon.
💬 Nabovarsel og merknadar
Dispensasjonar skal alltid nabovarslast. Naboar har rett til å kome med merknadar innan 2 veker. Merknad frå nabo, og svar frå søker skal leverast inn med søknad. Kommunen vurderer merknadane og svar til merknadane.
💰 Gebyr
Dispensasjonssøknader har eige gebyr etter kommunens gebyrregulativ, sjølv om tiltaket ikkje er søknadspliktig.
🔁 Dispensasjon utanom byggesak
I nokre tilfelle må du søkje berre om dispensasjon, utan å sende byggesøknad. Døme:
Platting nærmare veg eller sjø enn planen tillater.
Oppføring av gjerde i strid med plankrav
Bruksendring innan same føremål, men i strid med føresegner
Du kan då søkje om dispensasjon utanom byggesak via kommunen sitt digitale skjema.
📍 Kvar søkjer du?
Privatpersonar: LINK
Fagfolk: LINK
For dispensasjon utanom byggesak: