Innsynsrett

Du har rett til å krevja innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov.

Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdera om dokumentet likevel bør kunna gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar dersom ein kan søka opp informasjonen på ein enkel måte.

Eksempel på dokumenttypar du kan krevja innsyn i er

  • politiske møter
  • byggesaker
  • kommunale planar
  • revisjonsrapportar
  • kunngjeringar frå kommunen

Kriterium og vilkår

Krev du innsyn i saksdokument, må kravet gjelda ei bestemt sak, eller i rimeleg grad saker av ein bestemt art.

Lover

Arkivlova

Miljøinformasjonslova

Offentleglova

Forskrifter

Offentlegforskrifta

Rettleiing i korleis få utført eller motta tenesta

Ein offentleg postjournal er ei liste over inngåande og utgåande post til eit offentleg organ. Her finn du overskrifta på saka og dokumentet, og namnet på sendar eller mottakar av dokumenta.

Når du har funne fram til eit dokument som du vil bestilla, kan du krevja innsyn, skriftleg eller munnleg. Kommunen har også plikt til å hjelpa deg å finna dokument gjennom arkivsystemet.

Saksbehandlingstid

Kravet om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan ein til tre virkedagar.

Dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar frå kommunen tok imot kravet ditt, blir dette rekna som eit avslag.

Klagemogelegheit

Dersom du får avslag på kravet ditt om innsyn, skal kommunen visa til den regelen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplysa om korleis du kan klaga og klagefristen.

Statsforvaltaren er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Du har også klagerett dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har teke imot kravet. Dette blir då rekna som eit avslag.

Klagen skal avgjerast så raskt som mogleg. I tilknyting til klagebehandlinga kan Statsforvaltaren også bestemma at dokumentet skal gjerast kjent heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.