Artifik – system for konkurransar og kontraktar

Frå januar 2026 nyttar Vindafjord kommune systemet Artifik. Løysinga omfattar både konkurransegjennomføringsverktøy (KGV) og verktøy for kontraktsadministrasjon (KAV).

Kommunen vil i hovudsak utarbeide og gjennomføre alle konkurransar i Artifik. Dette omfattar også minikonkurransar og direkte avrop på rammeavtalar. Kunngjeringspliktige konkurransar blir publiserte i Doffin via systemet, og pågåande konkurransar kan søkjast opp der.

Vi tilrår at alle eksisterande og potensielle leverandørar registrerer seg i Artifik. Registrering er nødvendig for å kunne levere tilbod i kunngjorde konkurransar, og gjer det mogleg å få oppdateringar om aktuelle konkurransar.

Når verksemda er registrert, kan de leggje til fleire brukarar under organisasjonsinnstillingane i fana «Medlemmer».

Dersom de treng hjelp med registrering eller tilgang, finn de meir informasjon her:

Send oss ei førespurnad – Artifik Support

De treng berre å registrere dykk éin gong. For å få oppdatert informasjon om ei konkurranse, må de melde interesse via lenkja i Doffin-kunngjeringa.