I følgje tal frå NIBIO for 2025 utgjer det produktive skogarealet 212 709 dekar (34,3 % av landarealet).
I 2024 var høvesvis 34% og 53% avdet produktive skogarealet av svært høg eller høg bonitet, mens 12% og 1% var av middels eller låg bonitet (arealressursstatistikk, NIBIO)
I 2016 vart det gjennomført taksering av 169.278 dekar produktivt skogareal i kommunen. Over 200 skogbruksplanar er utarbeidd for nesten 90.000 dekar produktiv skog.
Skogbruksplanen gir skogeigaren ein oversikt over ressursane i gardsskogen og gir råd om korleis ressursane kan forvaltast på ein økonomisk og skogfagleg god måte.
Hovudtal frå taksten 2016
- Taksert produktivt skogareal: 169.278 dekar
- Ståande volum: 2,67 millionar kubikkmeter
- Tilvekst: 88.700 kubikkmeter
- Gjennomsnittleg tilvekst per dekar: 0,5 kubikkmeter
- Registrerte nøkkelbiotopar utgjer 0,4 prosent av arealet.
Rom for produksjonsauke
I 2016 stod kulturskog av gran og sitkagran på 22,7 prosent av det produktive skogarealet, men stod for 38,5 prosent av det ståande volumet. 72 prosent av granarealet har bonitet G20 eller betre.
På 37,6 prosent av det produktive skogarealet stod furu og litt lerk for 38,5 prosent av volumet. 95 prosent av furuskogen veks på bonitet F14 eller lågare.
Lauvskogen vaks på 38,7 prosent av arealet og utgjorde 22,9 prosent av volumet. Nær 90 prosent av lauvskogen står på bonitet B11 eller B14.
Tala syner at det framleis er rom for produksjonsauke ved treslagsskifte på dei høgaste bonitetane av furu- og lauvareala.
Aktivitet i skogbruket
Avverkinga varierer frå år til år, med 25.860 m3 i gjennomsnitt for perioden 2016-2025.
I 2025 vart det innmeldt i virkesdatabasen (VSOP) avverking av 45.950 kubikkmeter industrivirke og energivirke til ein førstehandsverdi på 35,2 millionar kroner.
- Av dette var 38.513 kubikkmeter (84 prosent) gran, 5.570 kubikkmeter (12 prosent) furu og 1867 kubikkmeter (4 prosent) lauv, vedvirke og energivirke til flis, samt sal av 4.537 juletre.
- Gjennom året blei det planta etter hogst på 241 dekar.
- I tillegg vart det supplert på 138 dekar.
Det blei utført ungskogpleie på 62 dekar.
NMSK-strategi Vindafjord 2026-2029 (PDF, 425 kB)
Bonitet
Bonitet blir brukt i skogbruket som eit uttrykk for marka sin evne til å produsera trevirke. H40-systemet blir brukt i Noreg for å beskriva skogen sin bonitet.
Boniteten blir oppgitt med ein bokstav (G, F, B) som viser treslaget (gran, furu, lauv), og eit tal som viser treet si overhøgde på voksestaden ved 40-års brysthøgdealder (alder når treet har nådd 1,3 meter). Jo høgare tal, jo høgare er marka sin produksjonsevne på staden.