Inga kvotefri jakt på hjortekalv 2026

Det vert ikkje kvotefri jakt på hjortekalv i Vindafjord kommune hausten 2026.

 

Johan Trygve Solheim, Norsk hjortesenter

Viktige verktøy for kommunen ved regulering av hjortebestanden er fastsetting av minsteareal, fråvik frå minstearealet og forvaltningsmål med tilrådd avskytingsprofil. Som eit ekstra verktøy for å få stanse veksten i hjortebestanden har kommunen tildelt kvotefri jakt på hjortekalv i tillegg til ordinære løyve i 3 år.

Ut frå tilgjengelege data ser det ut til at tiltaka kommunen har nytta så langt har fungert. Kommunen ser derfor ikkje behov for å nytte kvotefri jakt på hjortekalv i 2026 for å halde fram bestandsreduksjonen, men at det vil vere tilstrekkeleg å nytte dei ordinære verkemidla, som tidlegare, for å nå måla.»

Kommunen sitt vedtak: (PDF, 245 kB)

Landbruksdirektoratet sitt brev (PDF, 288 kB)