Desse midlane skal særleg avhjelpa situasjonen i mars og april for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.
Denne gang gjeld det særleg verksemder innan overnatting og servering.
- Støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging.
- Støtte til verksemder innanfor overnatting, reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringar, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
Kommunane har stor fridom til å tilpassa kva verksemder dei kan støtta avhengig av den lokale situasjonen.
Målgruppa er lokale små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Vindafjord kommune.
Søknaden må dokumentera tap som følge av smitterverntiltak og nedstenging.
Innsending av søknad
Søknad skal sendast elektronisk via regionalforvaltning.no.
Bedriftene som søkte sist blir automatisk med i vurderinga for nye midlar, men kan også gå inn å redigera sine søknadar om ønskjeleg. Andre aktuelle bedrifter søker gjennom denne portalen.
Vurdering av søknadar
Søknadane vil bli behandla administrativt kort tid etter søknadsfrist og utbetalt på kontonummer som er oppgitt i søknaden.
Meir informasjon finn du her
Søknadsfrist
21. mai 2021.
Anna informasjon
Opplysningar som blir gitt i søknaden vil i utgangspunktet vera offentlege etter offentleglova.
Ordninga følger reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll med meir
Kontaktpersonar
For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med førstelinjetenesta vår, Medvind24 næringshage på e-post post@medvind24.no eller mobil 45 86 55 08.
Kontaktperson i kommunen er Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef for samfunnsutvikling. Mobil 93 64 60 43 eller anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no.