UKM 2025 - Etne og Vindafjord

Etne og Vindafjord samarbeidar også i år om å arrangera UKM (Ung Kultur Møtes). 

I år er det Vindafjord som skal halde arrangementet, og det skal vere på Ølen kulturhus den 15.februar kl. 16:30.

Påmeldinga er no open, så det er berre å melde seg på!

Me håpar på ei flott utstilling og forestilling! 

UKM er ein møteplass der ungdom i alderen 10-20 år kan delta med alle slag kulturutrykk. Er du glad i dans, song, teikning, maling, legobygging, diktskriving, sminke, TikTok eller noko anna. Meld deg på nå!  

Her kan ungdom få friheita til å møte andre, bli inspirert og oppdage nye sider av sjølv og andre.

Aldersgrensa er sett til det året ein fyller 10, og opp til det året ein fyller 20. Det er ungdom i alderen 13-20 år som kan bli sendt vidare til fylkesmønstringa.

Fylkesfestivalen i år er 4. - 6.april i for dei frå Rogaland.

Du kan melde deg på her: 

Påmelding frå Vindafjord