Tilkomst og parkering
Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca. 12 km til du kjem til kyrkja. Turen startar frå parkeringsplassen ved kyrkja i Vikebygd.
Om turen
Turen går frå kyrkja opp til Vikestølen og vidare t il Vikebygd sitt høgaste fjell, Trodlafjell (637 m.o.h.), før returen går direkte frå toppen og t ilbake til Vikebygd.
Frå kyrkja går du opp mot krysset ved fylkesvegen, tek til venstre der og deretter til høgre opp grusvegen etter ca. 30 meter. Her heng det skilt som viser turløypene. Følg skilta mot Vikestølen.
Følg grusvegen rett oppover forbi vassverket sitt reinseanlegg. Her blir det ein god del brattare dei neste 800 metrane opp mot Kleivane. Ved Kleivane flatar vegen ut, og det går jamt oppover mot Longavatnet, som ligg på om lag 290 moh.
Ved Longavatnet går du vidare mot Vikestølen på grusvegen som går langs sørsida av vatnet. Her er det nokså flatt til enden av vatnet, før vegen stig bratt oppover i Feiensbrekka. På toppen av denne passerer du Røytetjørn på høgre side, før det går slakt nedover mot Vikestølen.
Frå Vikestølen er det ca. 2,3 km til toppen av Trodlafjell. Stien er ikkje like godt merka overalt, så ein må sjå etter raudmerkte steinar og merkepinnar.
Ved Vikestølen tek du til venstre opp ved f laggstonga og følgjer stien som buktar seg oppover. Etter ca. 500 meter er du over skoggrensa. Etter ytterlegare ca. 200 meter passerer du ein liten varde i sørenden av Smånibbene. Her er det fin utsikt over Longavatnet.
Vidare er terrenget nokså flatt i om lag 300 meter før det blir meir kupert. Du passerer eit lite, koseleg tjørn før det ber oppover igjen, ikkje altfor bratt, til du kjem til eit skar. Her er det noko bratt, og stien er enkelte stader trong der han smyg seg forbi store steinar.
Ei lita stund etter at du har kome opp skaret, ser du toppen av Trodlafjell for første gong sidan Vikestølen. Deretter går stien ned i ein liten dal før han svingar sørover mot nordre Vassheddene og vidare vestover øvst i Breiaskar. Etter kryssing av Breiaskar kjem det eit kort, bratt parti opp til fjellryggen. Herifrå er det berre nokre få hundre meter lettgått terreng til toppen.
På toppen har du utsikt i alle himmelretningar. Her ligg det òg ein turpostkasse som i sommarhalvåret inneheld ei bok.
Frå toppen kan du gå vidare mot Trodlanibbå, men denne turen går direkte ned att til parkeringsplassen utan å gå via Vikestølen.
Følg fjellryggen sørover, og der du kom opp på ryggen frå Vikestølen, tek du til høgre og følgjer stien ned mot Longavatnet på sørvestsida av fjellet. Enkelte stader er det nokså bratt. Etter om lag 1 km frå toppen kjem du til ei lita myr der stien deler seg. Her går du vidare sørover, først i noko myrlendt terreng, før stien stuper ned i skogen mot Longavatnet. Stien kjem ut på vestsida av vatnet. Herifrå følgjer du grusvegen tilbake til kyrkja.
Avstand
Rundtur på om lag 12 kilometer.
Tidsbruk
Rundturen tar om lag 4 timar.
Vanskegrad

Forklaring til fargekodane (PDF, 178 kB)
Digitalt kart
Ut.no