Tilkomst og parkering
Ta av frå E 134 ved skiltet til Lie badeplass, men ta til venstre i første veg (Erslandsvegen) og køyr til Ersland bedehus for parkering. Parkeringsavgift. Den betalar du med Vipps.
Om turen
Turstien startar frå Ersland bedehus. Gå om lag 200 meter retning Haugesund, ta av til høgre og gå gjennom eit gardstun. Ta av til høgre ved grå løe og følg merka traktorveg oppover. Ved neste vegskille er det skilta bort til høgre mot Kvernhuset og til venstre vidare for turen.
Følg traktorveg vidare oppover til rett før eit gammalt gardstun og ta til høgre her gjennom ein port. Følg så merka traktorveg og sti opp mot Kalvelandsstemmen. Gå så på sørsida av vatnet, over gjerdeklyvar og vidare i retning mot Hodnafjellet. Ved eit vegskille, følgjer du merka sti til høgre mot Varden. Du går same turen ned igjen, eller tar turen bortom Hodnafjell om du vil. Turstien mellom Hodnafjell og Varden er ein del av dagsturarrangementet «Skjold på tvers» som blir arrangert om våren.
Erslandkrinsen Bygdalag har turbøker på både Hodnafjell og Varden.
Terreng
Variert terreng, ein del traktorveg, elles sti og noko berg. Stort sett ope landskap rundt toppane. Du går gjennom planta granskog og lerkeskog på veg opp og ned. Ein del våte områder. Bruk godt fottøy.
Avstand
5 kilometer tur/retur frå parkeringsplass til Varden. Tilleggstur til Hodnafjellet er 1,5 kilometer tur/retur frå stikrysset.
Tidsbruk
1,5 - 2,5 time.
Vanskegrad
Forklaring til fargekodane (PDF, 178 kB)
Turkart (PDF, 2 MB)
Digitalt kart
Kulturminne
Kalvelandskverna
«At garden Kalveland har hatt kvern kan dokumenterast tilbake til 1600-talet. Kor lenge det før 1668 hadde stått vassdriven gardskvern her, er uråd å seia. Kanskje kan det ha vore ei vasskvern på garden alt før Svartedauden sidan slike kverner kom i bruk i landet på 1200-talet.
Ikring 1906 sette Jørgen Kalveland opp ei ny gardskvern på bruket sitt. Han fekk husmannen Henrik Bårdson Signeshaugen under Haga til å mura opp heile kvernbygningen i stein. Kverna står i dag fram i restaurert stand, med slåk. Ho inneheld også korntørke. Kvernkallen er utført i to utgåver. Den eine kallen er av tradisjonell type, den andre er laga etter turbinprinsippet med ein vassrett trering av tverrgåande skovlrom. Inne i kvernhuset er det rigga opp drivhjul og trinser for overføring av kraft frå kverna til drift av treskjeverk i tunet eit par hundre meter unna.»
Henta frå Gard og ætt 1, side 186, Skjold bygdabok, ved Nils Olav Østrem
Siste biten opp til toppen.
Siri Nonslid
Toppen!
Siri Nonslid